Dette seier John Helge Bjørndal, mangeårig supereldsjel og leiar i Vartdal Turn og Idrettslag (VTIL). Han har sjølvsagt fått med seg at sjølvaste Statoil-sjef Eldar Sætre er gjesteskribent i siste og rykande ferske utgåve av lagsbladet VenTILen.

Stort og varmt

Og oljesjefen sparer ikkje på konfekten: «– Som stolt Vartdaling, med eit stort og varmt hjerte for den flotte heimbygda, ønskjer eg å sende ei lita helsing til idrettslaget og ikkje minst alle dei som står på med frivillig innsats år etter år.

– Mitt gamle VTIL kaffekrus, som truleg har samleverdi i dag, blir fortsatt flittig brukt som eit minne om ein god, sunn og aktiv oppvekst på Vartdal», skriv Eldar Sætre mellom anna. Han skildrar sin eigen fotballkarriere i VTIL som heller kort og lite spennande. Men spelte fotball gjorde dei på nesten kvar ei eng på Vartdal. Eldar Sætre konsentrerte seg etter kvart meir om kortløp, terrengløp og stafettar.

Draktmangel

Avslutningsvis i artikkelen i VenTILen peikar Eldar Sætre ut favorittfotballaga sine, i denne rekkefølgja: Vartdal, Hødd, Brann og Liverpool. Så vedgår Statoil-sjefen ein løyndom: Han manglar den karakteristisk djupblå Vartdal-trøya i draktsamlinga si. Meir torer vi ikkje sitere frå lagsbladet VenTILen her, med tanke på opphavsretten ... Men, at det snart blir ei blåtrøye på kapteinen på det norske oljelandslaget, det har Sunnmørsposten no fått stadfesta. Av ein annan sjef: John Helge Bjørndal i VTIL.

Signert

– Ja, du kan no skjøne det! Vi kan ikkje sitje passive og vite at Eldar Vestre verkeleg manglar Vartdal-trøya.

– Difor har vi tinga splitter ny trøye til han. Ho vil få det ledige nummer 26. Og sjølv om vi no ligg i tabellbotnen, ein divisjon høgare enn vi spelte i fjor, håper eg Eldar Sætre vil setje pris på ei spelarsignert trøye. Det han må finne seg i, er at drakta har påtrykt nøyaktig same reklame som alle dei andre, ler Bjørndal. Han understrekar at han ser på Sætre som den aller beste ambassadør for heimbygda si.