Konsernet hadde i første kvartal i år eit driftsresultat før avskrivingar på 169 millionar kroner. Dette er det beste selskapet har levert i 1. kvartal. Driftsinntektene var på 391 millionar kroner i samme periode.

Nøgd reiar

- Eg er godt nøgd med resultatet som svarar til forventningane. Noko av årsaka er at vi ikkje er like påverka av den svake marknaden på grunn av vår flåtesamansetting, seier reiar Stig Remøy.

To tredeler av flåten til Olympic er sysselsett i subsea og konstruksjonsmarknaden. Her er det bra aktivitet, skriv selskapet i pressemeldinga.

Olympic har 23 skip i flåten, og har hovudkvarteret i Fosnavåg.