- Her er uante mulegheiter, seier Idar Aaboen på Strynefjellet Sommarkisenter. I opningshelga kan han by på rekordmengder med snø.

Helst hadde han sett at opninga var førre helg, men vegvesenet har hatt ein stri tørn med å måke seg fram. Difor vart det ikkje sesongstart før torsdag denne veka. Denne helga håper Idar Aaboen på storinnrykk, og kan by på nysnø.

- No er det fantastisk fint her, seier Aaboen.

Dette er sesong nummer 17 for Aaboen på sommarskisenteret. I år har han rolla som eigar, i tillegg til alt anna ansvar.

Sommarskisenteret hadde si stordomstid på 90-talet. Dei siste åra har det vore mykje motgang for stadig nye eigarar. No er det Idar Aaboen sin tur til å prøve å få sommarskisenteret til å lønne seg.

- Det blir spennande. Eg har stor tru på skisenteret, men det er mykje som skal på plass, seier Aaboen.

Gjestane var i alle fall på plass fredag. På parkeringsplassen og i bakkane vart det for det meste snakka svensk. Ei svensk skikjede stilte med ein delegasjon på 30, og skifabrikanten K2 var på plass for å teste 2016-kolleksjonen av offpiste-ski. Mellom dei norsktalande var ein gjeng som kalla seg Akerselva Ski & Beksøm.

- Eg har vore her sidan 1987. Eg trur ikkje eg har sett så mykje snø her nokon gong. Du må i alle fall ekstremt langt tilbake, seier Frode Johanson i Akerselva Ski & Beksøm.

Det vart ein sein start, men til gjengjeld kan det bli ein lang sesong.

-  Vi håper at det skal halde til midten av juli, seier Idar Aaboen.