I 2012 vart bussrutene til og frå flyplassen endra slik at bussen gjekk etter faste ruter. Dette førte til at passasjerar kunne oppleve av bussen køyrde medan dei stod i ankomsthallen og vente på bagasjen.

– Vi ser at dette vart feil, seier rådgjevar Svein Ivar Aarskog i trafikkavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Sidan omlegginga har trafikken på flybussen gått ned, særleg til og frå Ålesund og Moa. Dette kan vi ikkje berre sete roleg å sjå. Difor har vi nok laga eit heilt nytt opplegg som skal setjast ut i livet 21. juni.

Fleksible tider

Eit viktig moment i omlegginga er å gjere bussrutene frå flyplassen fleksible.

– Til flyplassen vil vi behalde faste avgangstider med heil- og halv time frå Moa. Dette er viktig med tanke på dei som kjem frå andre bussruter og slik at alle skal vite når flybussen går til Vigra, seier Aarskog.

– Den store omlegginga vil vere frå Vigra. Her går vi tilbake til eit system der vi har ein buss som er ansvarleg for kvart fly som landar. Dette var slik vi hadde det før – og som då var ein suksess, seier Aarskog.

– Vårt mål er at ingen skal lande på Vigra utan at det er ein buss som er klar til å ta imot. Dette er sjølvsagt ein svært stor ambisjon, men vi har tru på at vi klarer det. Og vi har og tru på at denne fleksibiliteten vil føre folk tilbake til bussen.

Til Sulesund

Fleksible ruter er ikkje den einaste endringa busspassasjerane får glede av.

– Vi veit at mange reisande til søre delen av Sunnmøre slit på dei seine kveldsrutene. Siste flyet frå Oslo landar på Vigra etter at siste ruta med hurtigbåten til Hareid har gått. Det same gjer London-flyet, flyet frå Riga og frå Vilnius. Dette tar vi og på alvor og setter opp buss frå desse flya heilt til Sulesund, seier Svein Ivar Aarskog.

– Vi opplever og at andre kveldsfly kan vere forsinka slik at ein ikkje når siste hurtigbåten. I desse tilfella vil bussen som køyrer til Moa fortsette til Sulesund.

For Nettbuss er hevinga av busstilbodet til hurtigbåtkaia på Valderøy og viktig.

– Her har vi eit godt belegg, men tilhøva for passasjerane på Valderøy er forsiktig sagt ikkje optimale. Vi har difor valt å la bussen vente på kaia slik at passasjerane kan gå rett frå bussen til båten.

Nøgde sjåførar

Omlegginga er noko både leiinga av flyplassen og sjåførane helsar med glede.

– Dette er akkurat det vi har sagt heile tida, seier sjåfør Sverre Rørvik.

– Vi har heile tida sagt at fleksible avgangstider frå Vigra er best for passasjerane og då også for oss som skal køyre desse rutene. Det har ikkje vore kjekt å måtte starte opp å køyre tom buss medan passasjerane har vore 20 meter unna. Eg trur alle er veldig glade for at den tid no snart er forbi, seier Rørvik.

Også flyplass-sjef Tor Hånde er tilfreds med at busstilbodet vert betra.

– Vi er opptekne av at vi skal ha eit best mogleg totaltilbod. Dette inkluderer best mogleg kollektivtransport. Flybussen har alltid vore viktig for flytrafikken og er det fortsatt sjølv om mange køyrer eigen bil til Vigra, seier Hånde.

– Flybuss, shuttelbuss og drosjar. Vi vil at alle skal utgjere eit best mogleg totaltilbod. Og eg vil hevde at busstilbodet til flyplassen no vert på eit veldig godt nivå, seier Hånde.

Frå 21. juni vert det 21 daglege avgangar frå Vigra flyplass til Ålesund sentrum og Moa. Det er og 21 avgangar frå Ålesund til Vigra.

Til og frå Hurtigbåten til Hareid er det til saman 25 ruter. Dette er på kvardagar.

På laurdagar vart det 11 ruter til Ålesund og Moa. Søndagar vert det frå 21. juni 16 avgangar. Og ved alle ankomstar der ein ikkje når Hurtigbåten til Hareid blir det buss til Sulesund.

– Dette er ei satsing vi er veldig glade for å kunne presentere, seier rådgjevar Svein Ivar Aarskog.

– Vi ikkje berre trur, vi veit at dette er ei betydeleg betring av busstilbodet.