I føremiddag hadde eit bryllaupsfølgje eit uhell då kaia kollapsa etter at ferja dei hadde leigd for feiringa reiste frå kaia i Valldal.

Bryllaupsparet hadde fått leige BF «Aukra» til feiringa av den store dagen, og ifølgje vitne på staden drog ferja med seg delar av kaia, og det skal også ha kome hydraulikkolje i sjøen.

Odd Reidar Ormåsen, regionleiar i Fjord1, som har leigd ut ferja, stadfester at det har vorte skadar på kaia.

– Eg kan stadfeste at kailemmen ligg delvis i sjøen, men det er uklart kva som er årsaka. Det er for tidleg å seie om det er ein samanheng mellom bruken og tilstanden på kaia, seier han.

Utbetrar skadane

Både brur og brudgom er tilsette i Fjord1, og bryllaupsturen held fram som planlagt mot Geirranger. I mellomtida har Ormåsen vore i kontakt med kailaget som eige kaia i Valldal.

– Vi og kailaget er interessert i å finne ut kva som har skjedd her i lag, og samstundes som bryllaupsreisen går som planlagt arbeider vi parallelt med å utbetre kaia.

Mannskapet på bryllaupsturen skal alle vere tilsette i Fjord1 og godt kjend i området.

Gammal konstruksjon

Merete Myklebust er formann i Valldal kailag, og no har ho vore og kikka på skadane.

– Det ser voldsamt ut, heile brua er i sjøen, men vi trur det kan gå an å heise den opp att. Vi trur ikkje at det er så voldsamt som vi først trudde.

Kaia er av ein gammal konstruksjon, der det ikkje er feste mot land, men heller to sylinder som ligg vertikalt og parallelt.

– Ferja har tydelegvis gløymt å losne kroken. Det må vere noko slikt som har skjedd. Kroken skal vere festa til brua, som ein må senke den før ein fer. Det dei sei, er at på ei moderne ferjekai så får ein motstand om ein forsøkjer å reise utan å losne kroken, men her drar ein heile kaia med seg.

God tilstand

I fjor vart kaia kontrollert av Mesta. Då vart kaia godkjend.

– Då Mesta vurderte kaia i fjor fekk vi vite at kaia var i grei tilstand, men at ein må vere forsiktig med ho på grunn av at den er av den gamle typen konstruksjon.

No venter kailaget til måndag, då dei reknar med at det vert ei forsikringssak.

– Vi og Ormåsen i Fjord1 kom fram til at vi må late forsikringsselskapet sjå på dette. Eg reknar med at forsikringsselskapet vil få rapport i frå ferja om kva som har skjedd og at dei vil kontakte nokon i Mesta eller andre som har teknisk kunnskap om dette. Så får vi sjå, avsluttar Myklebust.

«Kjellen» om bord

Ferjeentusiasten Kjell «Kjellen» Bigset var om bord for underhaldning på ferja då hendinga skjedde.

– Det einaste eg har å seie er at det var på tide at kaia blir bytta ut. At det var eg som køyrde ferja seier saka ingenting om, seier ein fleipete Kjellen til smp.no.

Humoristen meiner at ei kai ikkje kan vere av tre i 2015.

– Kaiene må vere av stål, seier Kjellen.