Ingrid Lone frå Osterøy utanfor Bergen bur på Lid i Volda i lag med sambuaren sin. For fire og eit halvt år sidan vog ho 140 kg. I dag stoppar vekta på 82.

– Då eg gjekk på barneskulen vart eg mobba fordi eg var større enn dei andre. Eg hadde få vener, og dårleg sjølvtillit, og eg trøysta meg sjølv med å ete, fortel Ingrid. I vaksen alder, etter at ho slutta med p-pillar i 2007, la Ingrid på seg 40 kg i løpet av litt meir enn eit halvår.

– Eg åt mykje, men den raske vektauken var skremmande, fortel ho.

Desperat

Ingrid prøvde å slanke seg, ho prøvde ei rekkje metodar og kurar. Men ingenting fungerte, Ingrid vart meir og meir deprimert, og desperat etter å verte kvitt overvekta.

– Eg tenkte at slankeoperasjon var einaste utveg. Men så tok eg til å lese om lavkarbokosthald og bestemte at eg skulle sette meg skikkeleg inn i det, og gje meg sjølv ein siste sjanse til å klare å gå ned i vekt på eiga hand. I januar 2011 starta ho med å gradvis kutte ut dei største karbohydrat-kjeldene i kosten.

Etter tre månader hadde ho kutta ut det meste av karbohydrat, og då kom resultata ganske fort. Omtrent samtidig fann Ingrid ut at ho har polycytisk ovariesyndrom (PCOS), ein tilstand som gjer at hormona i kroppen er i ubalanse. Tilstanden gjer m.a. at det kan vere vanskeleg å verte gravid.

I sjakk

– Det fine er at eit lavkarbokosthald er med på halde tilstanden i sjakk, fortel Ingrid.

I løpet av 2011 og 2012 gjekk ho ned 50 kg. Ho fortel at vekta har gått både litt opp og ned igjen etter det, men at ho no har redusert vekta si med 58 kg sidan ho la om kosthaldet. Nokre månader etter at Ingrid tok til med lavkarbo, oppretta ho ein blogg om slankeprossesen.

Mest for å motivere seg sjølv, men også med håp om at andre kunne finne inspirasjon i det ho gjorde. I dag har bloggen hennar www.lavkarbotips.net mellom 1000 og 4000 lesarar per dag.

Stabil

– Med lavkarbo held eg meg mett, har eit stabilt blodsukker og mykje meir energi enn før. Livet er veldig annleis no enn då eg var på mitt tyngste. Eg kan kjøpe dei kleda eg har lyst på, og eg kan bevege meg og trene slik som eg vil. Eg har funne igjen meg sjølv, og det er heilt herleg, smiler 32-åringen.

Respons

For nokre veker sidan la ho ut på bloggen ei utfordring til lesarane sine om nokon av dei ville vere med på eit vekesprosjekt med lavkarbokosthald. 800 personar melde seg på.

– Eg vart heilt overvelda over responsen. I tillegg fekk eg spørsmål om dette ikkje var noko eg kunne halde fram med. Nesten over natta har eg no danna firma, der folk kan kjøpe tilpassa kosthaldsplanar og rettleiing mot betaling. Det er heilt fantastisk at kan vere med å hjelpe andre til eit nytt og betre liv – slik som eg har fått, synest Ingrid.

Draum

Ho er klar over at staten ikkje anbefaler lavkarbokosthald, men trur personleg at det kan hjelpe fleire overvektige som hamnar i operasjonskø.

– Min draum er at talet på fedmeoperasjonar skal gå ned i staden for opp. Vonleg vert det om ikkje altfor lenge meir å glede seg over for Ingrid og sambuaren Carl Andre Hjelvik. Til hausten skal dei gjennom sitt andre prøverøyrsforsøk i håp om at Ingrid vert gravid.

– Vi prøvde første gong i fjor, men det gjekk ikkje så bra. Eg fekk beskjed om at det kunne vere større sjansar om eg gjekk noko meir ned i vekt, og har no passert grensa som legane sette på 84 kg. Vi tek ingenting på forskot, men håper sjølvsagt at resultatet blir ein baby. Det hadde vore ei lukke.

<strong>140 kg:</strong> På det tyngste var Ingrid 140 kg. Ho såg seg nesten aldri i spegelen. – Eg visste eg var stor, men fortrengde det, fortel ho. Foto: privat