Ei glipe i det grå. Skyfillene sprekk opp så fort sola får tak. Den blågrøne fjorden kan skimtast langt der nede. Mor og dotter kviler på ei helle og tittar ned frå Skårasalen i Ørsta. Held rundt kvarandre. Gler seg over å ha nådd toppen. Fint å kunne dele augneblinken.

Ikkje 100 % idyll

– Du, det er ikkje idyllisk heile tida. Det må ein vere budd på. Og det er ikkje alltid ein klarer å vere pedagogisk, seier Therese Moe Øye alvorleg. Det er situasjonar då verken sjokolade som lokkemiddel eller distraksjonar som «nei, sjå på det rare insektet» hjelper. Når bakken er så bratt, så bratt, for slitne barneføter. Men Therese er ikkje i tvil om at det er verdt å slite seg oppover.

– Ungar er så forskjellige, men mi erfaring er at det beste er å vere ærleg. Vere open om at ja, det er ein lang tur og ja, det er oppoverbakkar, seier Therese. Og det aller viktigaste: Skal du ta med deg barna på ein lengre tur, er det viktig å først ta dei med på referanseturar. Slik får dei kjenne på kroppen korleis det faktisk er å gå 10 km eller 300 høgdemeter.

– Eller vent; turtips nummer 1 er å la dei ha med ein eller fleire vennar. Då vi gjekk turen «Norge på tvers» fekk eg verkeleg sjå verdien av eigenmotiverte barn. Å ha med ein kompis på tur betyr ein ekstra motor.

Den 120 kilometer lange turen går frå Stjørdal og endar opp ved svenskegrensa i Tydal. Therese gjekk turen for tre år sidan saman med barna Jakoba (i dag 12 år) og Nikolai (i dag 11 år), fem andre barn og tre vaksne.

– Det var gøy! Spesielt å møte danskane. Dei var snille, skyt søskenparet inn. For augneblinken plassert i tilbakelent kvileposisjon ved badeplassen i Ørsta sentrum. Thereses kjæraste Anders Kristensen diskar opp med nysteikte bålpannekaker i sola. Livet er heilt ålreit.

Til forklaring: danskane er eit ektepar dei møtte då dei overnatta på Prestøyhytta. Dei fekk så god kontakt at dei likså godt slo følgje vidare.

– Danskane måtte sjølvsagt få sjokolademedalje dei òg då vi kom fram til svenskegrensa, skyt Therese inn med eit smil.

Då var det myggen beit

Å vere budd på det meste mentalt og fysisk er viktig når ein legg ut på tur. Men enkelte ting kan ikkje sjølv ein erfaren fjellvandrar frå Ørsta ta høgde for. Det er så ho byrjar å klø berre ved tanken på den første langturen ho og barna la ut på. Til Huldreheimen, søraust for Jotunheimen. Planen var å vere mange dagar på tur i strekk. Så kom første stikket.

– Myggen var heilt ram! Han stakk og saug og herja, sjølv om vi hadde myggmiddel og tjukke klede på, fortel Therese. Det vart så ille at dei måtte evakuere til elvebreidda, kjøle seg ned og slå opp teltet. Då dei vakna dagen etter såg det ut som byllepesten hadde ramma dei. Det var ikkje anna råd enn å rømme til ei venninne på Otta. Febernedsetjande og lindrande salve måtte til. Og mor vann. I talet på myggstikk. 149 stykk. Jakoba: 78. Nikolai: 47.

– Vi fekk høyre frå lokale folk at det var heilt spesielle forhold med tanke på all myggen den perioden vi var der. Vi var rett og slett skit uheldige, skildrar Therese tørt. Ho frykta at turgleda var slokna for all framtid.

Svalbard i vente

Jakoba og Nikolai Kolås nemner ikkje den skrekkelege myggekspedisjonen med eit ord. Dei hugsar best dei gode turopplevingane. Mange av dei nærturar. Jakoba liker godt Lidaveten (Ørsta/Volda) og Skåla (Stryn). Nikolai set pris på å jogge opp Brekkeheida, eller ta den meir luftige og krevjande turen til Kjerringa, båe to i Ørsta kommune.

– Og så liker eg å klatre. I Frankrike. Eg er frankoman. Eller, kva heiter det, mamma?

– Frankofil.

– Ah. Eg er frankofil, rettar Nikolai. Og drøymer seg vekk til klatreparadiset Fontainebleau.

Søskenparet har starta nedteljinga til sommarens stortur. Nærmare bestemt Prins Karls Forland, Svalbards vestlegaste øy. Dei er førebudde på kva dei får sjå, for mora har vore der før. I vente har dei storslagen natur, rikt fugleliv og kvalrosskoloni. Og den fråflytta gruvebyen Pyramiden. Eller spøkelsesbyen, som Jakoba liker å kalle den.

– Kanskje vi får sjå isbjørn, undrar Nikolai. Men helst på avstand då. Trygg avstand.

– Er det noko de gruar dykk til?

– At eg har for dårleg kondis til å gå turen. Men vi skal ha med eit behageleg telt, der eg veit eg klarer å finne roa, svarer Jakoba. Ho søv like godt i teltet som i eiga senga. Medan Nikolai søv best under open himmel. Under litt andre forhold enn på Svalbard vel og merke.

Fellesskapen viktig

Sjølv om barna er turglade, har dei andre interesser som lokkar meir.

– Eg tvingar dei ikkje med på mine småturar fleire gongar i veka. Men eg meiner det er viktig å forplikte seg til å gjere ting som ein familie, slik at vi kan sjå tilbake på nokre highlights vi har gjort saman i løpet av eit år. Som svalbardturen vi skal på. Eg kjente i hjartet sist eg var der, at dette må barna mine også få oppleve.

På tur er fellesskapen like viktig som det å utforske nye stader. Det gode samværet. Tida er sett av. Ingenting anna står på planen.

– Eg er ein betre lyttar og ofte ei meir merksam mor på tur enn eg greier å vere til ei kvar tid i kvardagen. Nærturane kan vere vel så fantastiske som langturane. Vi har hatt mange gode samtalar på vegen opp til vindpølsa på Brekkeheida, skildrar Therese.

Stundom må det ørlite lirking og kompromiss til. Du har ikkje like lyst til å høyre på fuglesangen som mor di? Ok, berre ha musikk på øyret du. Du vil berre gå tur dersom du får nudlar på toppen? Greitt, det er ein avtale.

Jakoba vel å bruke ein humoristisk innfallsvinkel når ho skildrar eige turtempo.

– Eg kan ha visse, kan vi kalle det, startvanskar. Først må eg kome meg over dørstokken. Etter ti minutt klagar eg så mykje at eg får smiletablettar. Godteri altså. Då spring eg.

Den fødde turleiar

33-åringen har brukt naturen heile livet utan å ha vore bevisst på det før i vaksen alder. Ho har alltid hatt eit inderleg behov «for å kome seg ut og molde seg».

– Eg har ofte enda opp med ein turleiarfunksjon når eg har vore på tur med kompisar.

Ho har leia turar i regi av Den Norske Turistforening. Nyleg opna Therese og nokre venar Tindelandet Pilates og Yoga i Ørsta. Og sakte, men sikkert har ho byrja å byggje opp guidefirmaet Vestferd.

Målet er å kombinere dei tinga ho brenn for. Å dele naturopplevingar med andre, og hjelpe andre eit steg nærmare god helse. Sjølv måtte ho seie opp sakshandsamarjobben sin for nokre år sidan grunna nakkeplager, noko som bidrog til ei heilomvending yrkesmessig og i livet elles.

– Eg hadde ein plan om åtte til fire-jobb, med fast lønsslipp og feriepengar som andre ansvarlege folk har. Men det vart ikkje slik, seier Therese med eit smil.

Mangfald

– Det er så mange mulegheiter, så vidt spekter. Sunnmøre er uendeleg mykje meir enn berre tindar, skildrar Therese. Ho tilpassar turar for grupper etter deira ønske og evner.

– Det kan godt vere turar der ein oppnår maxpuls og kjenner blodsmak, men hovudmålet er å samle på augneblinka med kvilepuls.

På bloggen til Therese får vi eit innblikk i natur- og turmangfaldet. Fjellskor, truger eller ski på beina. Fjord- og kystlandskap. I kajakk mellom holmar og skjer.

– 6. juni dreg vi på overnattingstur til Klovtind, seier Therese. Kan hende klarer ho å omvende nokon som aldri har sove ute før. Når ein gjer det i trygge former, og saman med andre, er det sosialt og enkelt å spørje om råd.

Praktiske ting som å halde varmen på telttur, korleis bruke kart og kompass og finne fram til dei flotte naturperlene, er ting Therese har greie på. Å nå ut til menneska som ønskjer eit slikt tilbod, er ei hardare nøtt. Men ho føler at ho har fått god hjelp frå både næringskontor og destinasjonsselskap til den biten. Løysinga er mellom anna å rette seg inn mot utanlandske turoperatørar og bedrifter.

Under Naturfestivalen i Ørsta og Volda er Therese aktiv på dugnadssida, i tillegg til at ho er kommersiell aktør. Ho dreg mellom anna i gang aktivitetar for barn i naturcampen i Romedalen. Viss vêret tillet det, vert det padle- og topptur i Hjørundfjorden. Og saman med kjærasten Anders inviterer ho på segltur til Riste naturreservat. Paret har skaffa seg ein liten fiskebåt og seglbåt, for å kunne byggje opp eit tilbod til turistar som vil utforske Mørekysten – både til sjøs og til fjells.

– Det kjekkaste er å dele naturopplevingane. Og sjå at andre har meir i seg enn dei trudde.