KV Barentshav bergar no havaristen Nordørn ved Bjørnøyrenna 150 nautiske mil frå norskekysten, 75 mil sør for Bjørnøya.

– Det er maskinhavari, ei maskinteknisk sak utan så mykje dramatikk, fortel styrleiar Tormund Grimstad i Nordnes AS, som eig båten.

Det tok kystvakta fem timar å kome til Nordørn. Slepar var fast 17.15, fredag, og vêret i området var bra, med frisk bris frå nordvest og bølgehøgd på 1,5-2,5 meter. Temperatur i området er tre grader.

– Mannskapet har det heilt fint, forsikrar Grimstad.

Grunna dels kraftig lavstrykksaktivitet i operasjonsområdet måtte skipssjefen på kystvakta redusere farta for å minste sannsynlegheita for problem.

– Dei er framleis på slep innover, fortel Grimstad klokka 11.30 laurdag.

Han presiserer at det ikkje er ei alvorleg sak, men at det er takka vere kystvakta at dei kan ta det med ro.

– Kystvakta er heilt utruleg viktig for norske fiskarar.

Det er så bra for oss at dei finst, seier Grimstad, som meiner Nordørn snart er tilbake i farvatnet att.

Foto: kystvakta
Foto: kystvakta