Safta blir laga av Volda Mineralvatn, som vart etablert i 1915, og drive av Familien Brænne på Folkestad.
            (Foto: Privat)

Safta blir laga av Volda Mineralvatn, som vart etablert i 1915, og drive av Familien Brænne på Folkestad.Foto: Privat

Brænne-saft kjem tilbake

Legendarisk saft kjem tilbake i butikkane.

Den populære «Brænne saft type rød» kjem tilbake i butikkane. Det kan Brænne Saft Type Rød melde på si Facebook-side.

Safta blir laga av Volda Mineralvatn, som vart etablert i 1915, og drive av Familien Brænne på Folkestad. Safta vart produsert fram til 2009, då den gjekk ut av produksjon.

I følgje NRK Møre og Romsdal, har det vore stort engasjement på sosiale medier for å få safta tilbake etter at den gjekk ut av produksjon. Safta vil no bli produsert i samarbeid med Roma Brusfabrikk i Lillestrøm, skriv NRK.

Det er Lars Erling Bjåstad Hovlid, som saman med Thomas Busker Larsen er initiativtakarane bak nylanseringa. Facebook-gruppa har eksistert sidan 2014 og har over 3000 følgjarar.

På sida deira skriv dei at drikka vil selgast på utvalde butikkar på Søre Sunnmøre.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå: