Venstre vil gi opphald til asylsøkarar som ikkje kan bli returnert til heimlandet og har venta i Norge meir enn fem år. Frp vil unngå statsløyse ved å få på plass avtalar som gjer at dei enklare kan reise heim. Sunnmørsposten spurte to politikarar om situasjonen til familien Hassan. Her ser du svara frå Venstre-leiar Trine Skei Grande og parlamentarisk leiar i Frp Harald Tom Nesvik.

Les saka om familien Hasan her: Asylmarerittet

– Er det rett at ikkje-returnerbare statslause asylsøkarar er kan ende opp med å leve heile livet på vent?

Grande (V): –Venstre meiner at det er uheldig at menneske blir sittande med livet på vent over lengre tid. Vi meiner derfor at vi skal gi opphald til menneske utan lovleg opphald som ikkje kan returnerast, etter fem år.

Nesvik: – Dette med dei statslause er ei vanskeleg sak, det innrømmer eg. Denne gruppa har falle mellom fleire stolar, og vi må jobbe både med definisjonane på kva ein statslaus er, og med å få på plass eit avtaleverk som kan returnere dei til landa sine.

– Men korleis kan ein få på plass avtale når Norge ikkje anerkjenner Palestina som stat?

– Det er mange av oss som tar til orde for ei to-stats løysing men det finst ingen palestinsk stat per i dag. Det slår begge vegar, og palestinarane må anerkjenne Israel som stat og slutte med å sende rakettar over grensa før ein kan få på plass noko fredsavtale, seier Nesvik.

– Vil de endre på kva som reknast som aktiv motarbeiding av retur, noko Norsk organisasjon for asylsøkarar meiner er ei feiltolking av lova?

Grande: – Vi har tidlegare fått gjennomslag for at omsynet til borna skal vege tyngre enn innvandringsregulerande omsyn, i saker om lengeverande born. Utfordringa med å komme lenger er at eit breitt fleirtal i Stortinget ikkje ønsker ei ytterlegare liberalisering. Vi kjempar, men med eit restriktivt fleirtal som består av Arbeidarpartiet, Høgre og Frp er det ein einsam kamp, seier Venstre-leiaren.

Nesvik:– Det er Utlendingsnemnda (UNE) som skal ta desse vurderingane, og Frp støttar fullt ut at UNE har ein streng politikk for å forhindre misbruk. Vi er ingen fristat for statslause palestinarar, seier han.

Les også: Draumeflyktningar

<strong>Venstre:</strong> Leiar Trine Skei Grande. Foto: Marius Helge Larsen
<strong>Frp:</strong> Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik. Foto: Knut Arne Aarset