To nye hurtigbåtkaier har blitt levert til Hysnes i Rissa kommune og Lensvik i Agdenes kommune, melder Marina Solutions AS i ei pressemelding.

– Begge anlegga er forankra av Marina Solutions AS som har stor kranbåt og utstyr til å kunne forankre slik store og tunge konstruksjonar. Marina Solutions viser atter ein gong musklar som totalleverandør i større marinaprosjekt, seier salsansvarleg i bedrifta, Tommy Gil.

Fleksible baugtillegg

Hurtigbåtkaiene er produsert og levert av bedrifta sin samarbeidspartnar Ulstein Betong Marine AS, og alt av teknisk arbeid er utført av Tussa Installasjon AS i Ørsta.

Dei nye hurtigbåtkaiane er L-forma, og har fleksible baugtillegg.

– Desse absorberer kreftene som konstruksjonen utsettast for når båtane legg til kai. Denne løysinga, saman med god fendring, gjer møtet mellom båt og kai optimal, skriv salsansvarleg Tommy Gil i pressemeldinga.

Gode løysingar

Ifølgje Gil var det høg kvalitet og gode løysingar på produktet som gjorde at kunden valde den sulabaserte leverandøren.

– Anlegget er levert med gode tryggingssystem, og god belysning, seier Tommy Gil.