Så langt er det Herøy kommune som har fått slikt løyve, etter at kommunen har klaga fylkesmannens avgjerd til topps.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner Herøy kommune sitt vedtak av arealdelen av kommuneplanen 2013–2025. Vedtaket inneber at det vert opna for naust med storleik inntil 60 m² bruttoareal, skriv Sanner i vedtaket.

– Vi har teke omsyn til at Herøy kommune har lite press på areala, og at det er tradisjon for store naust i denne kommunen, seier Sanner.

– Dette var ei enkel avgjerd, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Sunnmørsposten.

God praksis

I tillegg har Sanner lagt vekt på at Herøy over tid har vist at dei handterer slike saker på ein god måte.

– Vi ser at Herøy kommune har handtert naustutbygging på ein god måte. Eg har stor tillit til at kommunen vil gjere det også vidare, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner storleiken på naust i dette tilfellet ikkje vil ha vesentlege, negative følgjer for friluftsliv, landskap eller bygningsmiljø. Kommunen har også klare føresegner om utforminga av nausta. Dette skal forhindre ulovleg bruksendring, som kan gi ei uheldig privatisering i strandsona.

– Dersom det skulle vere ei utgliding av praksis, vil det sjølvsagt vere mulegheit for fylkesmannen å gripe inn, seier Sanner til Smp.no.

Fleire kommunar

Fire andre kommunar i Møre og Romsdal har ytra ønske om å utvide arealgrensa for naust.

– Mi beslutning gjeld Herøy. Ingen saker frå andre kommunar har kome til departementet. Men eg reknar med at fylkesmannen vil studere grunngjevinga vi har gitt for Herøy, og at fylkesmannen kan vurdere planar frå andre kommunar i lys av dette, seier Sanner.

– Sandøy, Vestnes, Sula og Sande har konkrete planar som vi har hatt til behandling, der dei i sine kommuneplanar har ønske om ei grense på 60 kvadrat, seier Sveinung Dimmen hos fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Så får vi vurdere i kva grad dette er direkte samanliknbart, seier Dimmen.

– Eg er ganske sikker på at også andre fylke vil sjå til svaret frå statsråden til Herøy kommune, og argumentere tilsvarande for sine kommunar, seier Goksøyr.

Sula

For Sula-ordførar Geir Ove Vegsund er dette ei god nyheit. Sula har tradisjon for naust opptil 80 kvadratmeter. Ordføraren reknar med at grensa no vil stoppe på 60 kvadrat også for Sula.

– Vi har hatt fylkesmannen med på rundtur rundt heile øya for å vise han korleis vi har plassert naust, og at det ikkje er nedbygt. Eg meiner også vi har handtert naustsaker på ein god måte. I tillegg er det lite press på strandsona også her, seier Vegsund. – Dette trur eg får store konsekvensar også for andre kommunar, seier Sula-ordføraren.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) Foto: NTB scanpix