Då smp.no snakka med Thorseth like før klokka ni laurdag trudde han at det vert avreise i føremiddag. Han sat då og venta på vêrvarslet.

– Det er det eg trur. Eg ventar no på vêrvarselet, men det ser bra ut. Eg trur det vert start snart, sa Thorseth.

I ei oppdatering frå Thorseth etter vêrvarselet seier han at han legg ut når bjølgjene roar seg.

- Når det sluttar å kvite på toppane, skriv han.

Frå Litle Kvernøy

Då smp.no snakka med Thorseth i går var det ikkje mykje som stod att før han var klar for avreise. Vêret er ein naturlig faktor han ein skal leggje ut på ei slik langreise.

– No er eg meir og mindre klar, så får vi sjå ut over kvelden, sa ein spent Thorseth på telefon fredag ettermiddag, få timar før avreise.

Thorseth har vore stasjonert på Litle Kvernøy i skjergarden i Gulen i Sogn. Fredag ettermiddag bles det åtte sekundmeter frå søraust. Men ut på kvelden vil vinden snu og kome frå nord og nordaust.

– Eg vil setje kursen i retning Veslefrikk og Vikingbanken. Det er same kursen som til Shetland, seier Thorseth.

– Og så håper på eg godt vêr og ikkje for mykje vind imot før eg har kryssa Norskerenna.

Vêrvarsel for Utvær (ekstern side)

Dagleg tar han ein telefon til Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Det er meldt liten kuling frå nordaust laurdag, og det er både eit minus og eit pluss. Det er i alle fall ikkje noko farleg, denne båten toler både liten, stiv og sterk kuling og gjerne meir.

Søndag ser det veldig greitt ut med svak vind frå ulike retningar.

Til Shetland

Thorseth lagar også film om roturen til Shetland, i samarbeid med fotograf Trygve Berge.

– Vi har filma mykje desse dagane, vi har veldig mykje bra filmmateriale så langt på turen, seier Trygve Berge, som har campa i lag med Thorseth.

Om bord i færingen har Thorseth tre kamera. Så vil Berge møte han igjen på Shetland, etter planen om ei lita veke.

1. august skal han ha rodd fram og tilbake til Fosnavåg.

Gjer som 22.000 andre, følg Smp.no på Facebook