Under overrekkinga heime torsdag, vart Ragnar Ulstein (95) tildelt diplom og heiderskorset.  Joachim Rønneberg, Kjetil Hasund og Ragnar Lødøen har òg fått utmerkinga.

– Ulstein får denne utmerkinga for sin innsats under siste verdskrig, og det opplysingsarbeidet han har lagt ned etter krigen, uttalar Roger Djupvik, opphavleg frå Ulsteinvik. Djupvik er nestkommanderande i ordenen. Den norske greina er ifølgje nettsida ein velgjerdsorden, som støttar og samlar inn midlar til velgjerande føremål.

Djupvik er imponert over den innsatsen Ulstein har lagt ned for fedrelandet sitt. Med sin bakgrunn frå militæravdelinga Kompani Linge var Ulstein mellom anna sentral i oppbygginga av heimestyrkane i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen har Ulstein dokumentert viktig krigshistorie. For arbeidet har han fått mange utmerkingar og prisar.

Ulstein tykkjer det er flott å bli sett pris på, men meiner samstundes at det fins viktigare ting i livet. Han er snar med å trekkje fram andre. Ulstein ønskjer å dele medaljen med alle som la ned ein stor krigsinnsats, men ikkje vart heidra.