Halvårstala til konfliktrådet på Sunnmøre viser ei stor oppgang i antal saker sidan i fjor. Hittil i år har det vore 139 saker i konfliktrådet, noko som er ei auke på 76 prosent. Det er 60 fleire saker enn på same tid i fjor. Dette skriv konfliktrådet på Sunnmøre i ei pressemelding.

Narko og vinning

Det er flest valdssaker som blir henvist til konfliktrådet på Sunnmøre, men dei sakene som har hatt den største auka er saker med narkotikalovbrot og vinningskriminalitet. I begge desse sakstypane er det henvist 15 saker hittil i år, mot ei sak på same tid i fjor.

Auka i talet på saker med narkotikalovbrot og vinningskriminalitet blir i følgje pressemeldinga sett i samanheng med at konfliktrådet sidan 1. juli i fjor har hatt ansvaret for straffegjenomføring av ungdom under 18 år som har begått alvorleg eller gjentatt kriminalitet. På Sunnmøre har ni ungdomar fått reaksjonen ungdomsoppfølging sidan oppstarten av ordninga

– Vi samarbeider tett med politiet når det gjeld dette nye mandatet, og får overført fleire saker frå dei, forklarer leiar i konfliktrådet på Sunnmøre, Kjartan Skotte.

Straffesaker

Han fortel at den store auka ligg i straffesakene, og ikkje i dei sivile sakene.

– Dei mest typiske sakene vi har er valdssaker, der det er to partar som har hatt ei konflikt, som har kulminert i eit slag eller eit spark eller kva det måtte vere. Då er det viktig at partane får høve til å sette seg ned og snakke i lag, og bli einige om korleis ein skal gå vidare, seier han.

Dei sivile sakene, fortel Skotte, handlar ofte om nabokranglar eller familietvistar.

– Kven som helst kan ta kontakt med konfliktrådet for å få si sak vurdert. Når det kjem til sivile saker ligg det eit potensiale til å handtere fleire saker enn det vi gjer i dag, seier han.

Flest menn

158 påklaga har fått si sak til Konfliktrådet på Sunnmøre hittil i år. Antal personar fordeler seg på 47 kvinner og 111 menn. 39 prosent av desse er i alderen frå 15 år til 18 år, står det i pressemeldinga.

På landsplan har det også vore ei auke i antal saker. 421 fleire saker enn på same tid i fjor utgjer det ei auke på 12 prosent.

– Vår brukarundersøking som går kontinuerlig, viser at over 90 prosent av dei som har vore i konfliktrådet vil anbefale det til andre. Eg trur det er ei ordning som kan fungere for ganske mange, seier konfliktrådet på Sunnmøre sin leiar, Kjartan Skotte.