Ragnar Thorseth måtte avbryte roturen over Nordsjøen etter å ha kome omtrent halvveges frå Norge til Shetland. Ved Vikingbanken i Nordsjøen byrja han å føle seg dårleg, og følgjebåten slepte han derfor til land på Shetland.

Situasjonen er heller ikkje meir alvorleg enn at Thorseth kvitterer med eit smilefjes på reisebloggen.

- Roturen er ikkje avslutta. Førebels er ikkje noko avgjort, seier Berge, som har dagleg telefonkontakt med Thorseth.

Thorseth kom til Out Skerries tysdag kveld. Planen har vore å besøke Lerwick og Baltasound på Shetland, og så ro beint tilbake til Herøy.

Film

Bjarne Eldevik i Vågsøy filma avskjeden i Fosnavåg og delar av opphaldet i Måløy. Sjå video over.

- Delar av filmen skal brukast i dokumentaren som Trygve Berge skal lage om Thorseth, fortel Eldevik.