Fjordingen melder at folk i Lodalen i Stryn er fortvila fordi dei er på femte døgnet utan internett.

Informasjonssjef Tormod Sandstø i Telenor seier til avisa at feilen truleg er på noko utstyr som ligg i ein stasjon i området. Telenor sender ut entreprenør fredag som vil bytte ut utstyret.

– Vi må berre beklage at ein har vore så lenge utan tenester, og vi har full forståing for frustrasjonen, seier Sandstø til Fjordingen.

Telenor trudde at dei hadde funne feilen tidlegare i veka, men det viste seg ikkje å stemme. Lodalen mista nettet laurdag.