Etter fire år på botnen av fjorden blei ankeret overlevert sin opprinnelege eigar under ein høytideleg seremoni i Geiranger på laurdag.

- Det er heilt fantastisk, for det første at dei har funne ankeret, og for det andre den oppvartinga som lokalsamfunnet har vist oss, seier kaptein Sune Blinkenberg om seremonien.

- Det er mange som har lagt i mykje arbeid for å realisere dette, og det sett vi veldig stor pris på.

Endeleg rett utstyrt

«SS Sørlandet» frå 1927 er den eldste fullriggaren i verda som framleis er i drift. Fullriggaren har dei sista åra tatt i bruk eit anker som har vore for lite.

- Det lar seg nesten ikkje gjere i dag å finne eit likt anker. Det måtte vi i så fall ha fått laga på bestilling, noko som vi ikkje hadde rådtil. No er utstyret i orden att, seier kaptein Blinkenberg.

Dykk og sonarsøk

Det er dykkarane Remi Stridh, Morten Stridh og Marius Remøy frå Hareid som står bak funnet.

- Under ei tokt med «Sørlandet»på Shetland sommaren 2011 kom eg i snakk med overstyrmann, som nemnde at dei hadde mista ankeert i Geiranger. Det høyrer med til historia at fleire andre dykkarar hadde blitt kontakta utan at søka førte fram, fortel Remi Stridh om korleis han gjorde avtale om å leite etter ankeret.

Dykkarane har gjort mange dykk og sonarsøk i området, og intensiverte søka då dei høyrde at Tall Ships Races skulle arrangerast i Ålesund. Lenge var alt arbeidet til inga nytte.

- Vi konstaterte at ankeret umogleg kunne ligge i området vi hadde fått oppgitt, og ba om å få alle data frå kartmaskina for den dagen ankeret blei mista, seier Remi.

Med dei nye posisjonane innhenta, forberedte dykkarane seg på å dekke over eit stort område. Men endeleg hadde dei litt flaks: stor var nemelg overraskinga då det første dei såg på botnen, var ankeret til «SS Sørlandet». Det låg på 30 meters djup, 200 meter frå land.

Dugnadsand

Det ligg mykje arbeid og utgifter bak, og dykkarane har ikkje fått betalt for funnet.

- Motivasjonen for heile prosjektet har vore at ankert høyrer heime på «Sørlandet», ikkje i ein dyp og kald sunnmørsfjord, seier Remi.

I ettertid har Tall Ships Races Ålesund gått inn og sponsa dykkarane med diesel tilsvarande halvparten av utgiftene dei har hatt - som beløp seg på om lag 20.000, fortel Stridh. Han anslår at dei har brukt 400 timar på prosjektet. Dei har og fått god hjelp frå støttespelarar. Leif Haagensen g Leif Einar Fjesme stilte opp med båtar og førarar, og Per Kåre Navekvien stilte med søke- og bergingsutstyr.

Både Morten og Remi Stridh har seilt med «Sørlandet» tidlegare, og ein ekstra motivasjon i 2014 var det at Remi hadde søkt sommarjobb som styrmann om bord.

- Jobben fekk eg før ankeret blei lokalisert. Eg seila som styrmann på to friturar frå Nodrsjøen, og fekk med det oppfylt ein gamal guttedraum, seier dykkaren.

Diverre fekk han ikkje fri frå jobben i Nordsjøen under Tall Ships Races.

Kulturminne

«SS Sørlandet» er eit av tre norske skip som snart skal bli norske kulturminne.

- Ankeret er ein del av skipet, og det betyr utruleg mykje for oss å få det tilbake, seier Marko Stojiljkovic i Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet.

Les arkivsak og sjå video frå dykket her: Fann seglskute-anker

Dykkarane frå Hareid leita etter ankeret og fekk det opp fra botnen på dugnad. Foto: Marius Remøy
Hamnefogd i Stranda hamnevesen, Rita Berstad og kaptein på «SS Sørlandet», Sune Blinkenberg, med plankett frå Stranda kommune. Foto: Maria Dahl Wattø