- Vi har organisert eit kommunalt fellingslag som er ute kvar kveld og natt, men førebels har vi ikkje fått tatt jerven, sier Jarle Hauge til smp.no. Han er leiar av rovviltutvalet i Norddal.

2000 sau

Det var sist tysdag at fylkesmannen i Møre og Romsdal ga Norddal kommune eit avgrensa fellingsøyve for ein jerv i den delen av kommunen som ligg utafor jerveområdet. Det vil seie områda nord og vest for hovudvegen gjennom Valldalen . Løyvet går ut 27. juli, men Hauge seier at det kan bli aktuelt å søkje om forlenga løyve dersom ein ikkje har fått skutt jerven inntil då. Bønder i Norddal har rundt 2.000 sau ute i fjellet for tida, og ein vil gjere alt for å hindre at jerven tek fleire dyr.

Utanfor verneområde

Seksjonssjef Ulf Lucasen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier til smp.no at jerven er observert og har gjort skade i eit område utanfor verneområdet. Det var difor naturleg å gje løyve for felling.

Det er funne tre sauer som truleg er drepne av jerv ved Heimstevatnet inn for Valldalsbotnen. I dette området er det og observert jerv som bar på ein del av ein sau. Det er i tillegg funne eitt sauekadaver i Berilddalen. Det er stort potensiale for vidare skade i dette området, og kommunen ønskjer difor å sette i verk fellingsforsøk i denne delen av kommunen som er prioritert for beitedyr.

Forvaltningsplan

Ifølgje fylkesmannen kan fellingsløyve gjevast for å hindre at rovvilt gjer skade på bufe og tamrein. Ved vurdering av om det skal gjevast løyve til skadefelling av jerv, skal det leggjast vekt på føringane i den regionale forvaltningsplanen. Desse vilkåra er til stades i Norddal.