– Vi krev at det blir slutt på ulovleg parkering. Dette fordi Fylkesmannen har omgjort kommunen sitt vedtak, seier Gurli H. Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.

Det var i starten av fjoråret at Giske kommune gav mellombels dispensasjon i fem år til parkeringsverksemd på Vigra. Då fekk Avinor konkurrentar, og prisane har blitt pressa ned for forbrukarane.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har derimot omgjort vedtaket og tatt dispensasjonen tilbake. Difor er Avinor tydeleg på at PlussPark driv ulovleg, og i strid med reguleringsplanen for området.

To val

Avinor har no sendt brev til Giske kommune med klar beskjed om å rydde opp, og følgje Fylkesmannens konklusjon.

Ifølgje Marit E. Larssen, rådmann i Giske, er alternativa enten å omregulere området til parkering, eller så må PlussPark legge ned drifta.

– Det er slik saka står i dag, seier ho. Saka må opp til politisk behandling etter sommarferien.

– Eg tolkar Avinor slik at alternativet for dei er slutt på verksemda, seier rådmannen, som lovar eit førebels svar.

Snudde

Giske kommune avviste den første klagen frå Avinor, men ifølgje Fylkesmannen tok kommunestyret stilling til realitetane i saka. Derfor kunne Fylkesmannen prøve alle sider av den.

Konklusjonen blei at dispensasjonen ikkje var i samsvar med plan- og bygningslova.

– Ein dispensasjon til å nytte næringsareal til parkering når det finst tilgjengeleg areal som er regulert til parkering, vil vere ei tilsidesetting av dei omsyna som ligg bak sjølve reguleringsplanen, men også omsynet i lova, om at styring av arealbruk skal skje gjennom bruk av planverk, skriv Fylkesmannen mellom anna.

Giske kommune er, ifølgje Larssen, generelt ikkje nøgd med at det har skjedd lite aktivitet knytt til næringsutvikling.

– Det er årsaka for at vi ønskjer å ta opp igjen regulering og vurdere omregulering, seier Larssen. Denne kritikken går også mot Avinor som i si tid har sagt at dei ville bygge parkeringshus, utan å ha gjort det, ifølgje rådmannen.

– Formalitet

– Årsaka til at Fylkesmannen snur er ein juridisk formalitet, seier Roger Blindheim, dagleg leiar i Aktiv Drift Norge AS, som eig PlussPark.

Han peiker på at kommunestyret realitetsbehandla klagen til Avinor, sjølv om dei avviste saka. Blindheim håper no at området blir omregulert, og seier at dei står klar til å bygge parkeringshus, overnatting og bilpleiesenter på staden.

– Det var eit samrøystes kommunestyre som gav oss tillating. Om vi må stenge så blir konsekvensane ganske alvorlege, og difor vil vi følgje denne saka til høgste hold, seier Blindheim.

Han meiner Avinor vil skvise ut konkurrentane sine, og ha monopol på parkering.

– Vi veit at både prisar og tilbod var mykje dårlegare før vi kom. Det er synd at dei brukar makta si på denne måten, meiner den daglege leiaren.

Nøgd

Anne Lise Urke, Narve Blindheim og Ivar Jan Langlo kom heim frå ein tur til Gdansk i Polen torsdag, då Sunnmørsposten møtte dei på PlussPark.

– Vi meiner det berre er sunt med konkurranse, og skulle gjerne sett at andre i tillegg til Avinor fekk halde fram, seier dei tre.

Urke trur det blir dyrare igjen om Avinor skal vere aleine.Langlo meiner at ein kan samanlikne med flyselskap.

– Då det var berre eit flyselskap, så var det frykteleg dyrt. Når fleire kom til, gjekk prisane ned, seier han.Dei tre er alle samde i at det er ei god ordning i dag, og mykje enklare enn før.

Krev svar

Avinor ber om svar i løpet av august frå kommunen.

– Vi meiner at den ulovlege verksemda ikkje er eit mindre brot på føresegnene og at kommunen har ei plikt til å følgje opp, skriv dei.

Avinor peiker på at to andre firma også driv parkeringsverksemd i strid med reguleringsplanen på Vigra Næringspark. Desse er ikkje påklaga, og verken Fylkesmannen eller kommunen vil ta stilling til den biten.

<strong>- KONKURRANSE ER BRA:</strong> Ivar Jan Langlo (t.v.), Narve Blindheim og Anne Lise Urke parkerte på PlussPark då dei var i Gdansk. Foto: Nils Harald Ånstad