Politiet i Sogn og Fjordane har fått melding om ein utanlandsk bubil som har køyrd av vegen i Lodalen i Stryn.

– Det er ikkje meldt om personskade, men naudetatane er på veg til staden, opplyser politiet, som fekk melding klokka 15.26.

To timar etter meldinga opplyser politiet at dei har fått stadfesta at alle slapp uskadd frå hendinga.

Ulukka skjedde på ein grusveg inn mot Kjenndalsbreen der ein til vanleg vil halde låg fart, opplyser operasjonsleiar Kai Myklebust ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Bubilen skal ha hamna utfor vegen i møte med ein annan bil. Ein bergingsbil vart sendt til staden for å hjelpe den uheldige bilisten på vegen igjen.