Det tradisjonsrike fjelløpet frå småbåthamna i Ørsta til toppen av 1.303 meter høge Saudehornet komande laurdag, får ein heilt spesiell vri i år: Det vert uråd for løparane å nå toppen utan å springe over nokre snøbrear om lag tusen meter oppe i fjellsida, i overgangen mellom Vallahornet og Saudehornet. Dette skaper utfordringar for arrangøren.

Utfordrande

- Situasjonen med snø i løypetraseen no i overgangen juli/august er heilt spesiell og gjev oss ei ekstra utfordring, stadfestar koordinator Siri Dahl i arrangøren Naturfestivalen. Surt sommarver har frå før gitt festivalen lite drahjelp, og snø i Saudehornsida toppar no lista over utfordringar. Fjelløpet har i ei årrekkje vore sjølve prikken over i-en i Naturfestivalen, med ei lang rekkje aktivitear kring arrangementet.

Samarbeid

- Vi har altid hatt eit godt og nødvendig samarbeid med Ørsta Røde Kors hjelpekorps. Lokalkjende fagfolk derifrå har vore oppe og vurdert snøforholda, og dei trur det skal late seg gjere å gjennomføre løpet som planlagt komande laurdag, seier Siri Dahl. Alternative løyper er ikkje lanserte, stadfestar ho.

Vurderer løpande

Leiar Arve Rødvik i hjelpekorpset vurderer tysdag sjølv å ta turen opp i fjellsida - for å ha ferkskast mulege inntrykk framfor ei snarleg avgjerd om fjelløpet kan gjennomførast. - Det vil vere fleire som er med i desse vurderingane, opplyser Rødvik. Han registrerer at toppområdet er snøfritt. - Viss det låg snø kring toppen, ville  det vore uråd å gjennomføre løpet, slår han fast.

Publikum

- Kva er største utfordringa med snøen? - Det er heilt klart sikkerheita for publikum. Løparane vil nok fint takle å forsere nokre meter med snø, sjølv om det ikkje er ideelt med tanke på tidsrekordar. - Det vi fryktar er at folk langs løypa renner seg på dei bratte snøbreane, som på denne tida er ustabile og kan ha farlege holrom på undersida, forklarer Rødvik.

God tru

- Vi kjem til å ha eit stort mannskap i fjellet kommande laurdag, men folk må sjølve ta ansvar for si personlege sikkerheit. Det gjer dei best med å halde seg innanfor den oppmerka løypa, utan å late seg freiste av å teste føret på breane. Viss alle tek dette ansvaret så trur eg dette bør gå heilt fint, er hjelpekorpsleiar Arve Rødvik sin førebelse konklusjon. Han legg til at han aldri før har opplevd slike snømengder, så seint på året i ørstafjella.

Saudehornet i Ørsta i juli 2015. Foto: Knut Arne Aarset
Festialleiar Sire Dahl i Naturfestivalen i Ørsta. Foto: Knut Arne Aarset
Leiar i Ørsta Røde Kors hjelpekorps, Arve Rødvik. Foto: Knut Arne Aarset