Sunnmørsbadet har vore ope sidan 16. mars og har noko for både små og store. Varmt velværebasseng og boblebad for dei som verkeleg vil ligge og slappe av. Sklier med tidtaking og bølgebasseng for dei som vil ha meir action, og grunne barnebasseng for dei aller yngste. Er du ikkje så glad i basseng og kroppstemperaturen har vorte låg i det grå sommarværet, kan du trekkje inn i steambadet eller badstua.

Godt besøk

Karl-Petter Sortehaug, driftsleiar ved Sunnmørsbadet fortel om godt besøk.

– Det svingar litt kor mange som er innom, men det ligg på mellom 400 og 1000 besøkande kvar dag. Mange av dei som kjem til oss har gjerne reist ein bit, og det er nok slik at dei som kjem har planlagt turen noko i forvegen. Då kjem kjem dei uansett om det regner eller er sol. At vi ligg i nærleiken av Hakallegarden gjer også at barnefamiliar tek begge attraksjonane på ein dag, og gjer ein skikkeleg dagstur ut av det. Det er bra at ein dreg slike vekslar på kvarandre.

– Det har gått strålande fint. Badet har vore teknisk stabilt og besøket har vore godt. Etter noko småtrøbbel med billetteringssystemet til å byrje med, har det gått knirkefritt.

Masse småaktivitetar

– Om du vil gi tre grunnar til at folk skal koma, kva skulle det vere?

1. Badeglede. Det at der er så variert tilbod gjer at alle aldre og begge kjønn trives her.

2. Masse småaktivitetar å gjere. Du finn heile tida noko nytt å prøve her. Det er ein av dei tinga folk trekkjer fram som positive.

Variasjon og mange tilbod

I tillegg til variasjonen trekk Sortehaug fram steambadet, og moglegheiten til å bruke kiosken inne, som det folk likar. Kiosken er kontantlaus gjennom at en registrerer kjøpet på eit digitalt armband, for så å betale på veg ut.

Badet forsøker å gi ulike tilbod. Det vert lagt opp til ulike aktivitetsprogram med klatring, og konkurransar i Fun Ballz mellom anna. Sistnevnte går ut på å springe raskast mogleg over bassenget inni ein plastball.

I samarbeid med Herøy kommune, vert det drive svømmeopplæring for alle 5-åringane i kommunen. Dette meiner Sortehaug er ganske unikt i Noreg. Her betaler kommunen ein del, og foreldra stiller med sin eigenandel.

– Er det noko planar vidare for badet?

– No får vi sjå korleis dei tilboda vi har hatt til no, går, så får vi sjå på den vidare vegen etter kvart.

Karl-Petter Sortevik er svært godt nøgd med dei fyrste fire og ein halv månadane. Foto: Per Ove Stige