Jenta er no innlagt på Haukeland sjukehus etter at ho fekk store skader tysdag førre veke, skriv Bergens Tidende.

– Vi er berre glad ho er i live. Dette kunne gått så mykje verre, seier mora, Ingibjørg Edvardsdottir, til avisa.

Foreldra meiner tiåringen berre i vatnet eit par sekund, før ho spratt opp igjen, og familien fekk ho inn i dusjen medan dei venta på ambulanse.

Det er uklart kva som var årsaka til at temperaturen i badestampen ved firmahytta var langt over det som er forsvarleg. Politiet har vore på staden, og beden om hjelp til å sjekke det elektriske installasjonen i stampen.

Den islandske familien som til vanleg er busett i Vågsøy, har no flytta til Bergen på ubestemt tid for å vere nær dottera.