Klokka 12 i dag rodde Ragnar Thorseth seg inn til flytebryggja i Fosnavåg i båten "Brattholm Havila", og konkluderte dermed den ett år lange turen til Lerwick på Shetland og tilbake. Sunnmørsposten var på plass for å få med seg hendinga, og mange hadde møtt opp for å ønske han velkommen heim.

- Dette var veldig kjekt. Eg er veldig glad for at eg gjorde dette. Eg skulle kanskje ønske det var fleire ungar, då.

- Om eg kan appellere til vår neste generasjon, og inspirere dei til å legge ut på eventyr - då har eg ikkje levd forgjeves, seier 67-åringen.

Lam og utslått

- Subjektivt sett er eg ikkje fornøgd med alt på turen. Eg hadde mellom anna aldri planlagt at eg skulle bli slept.

Turen har ikkje gått knirkefritt. Båten blei sjøsett i fjor, og 10. juni i år rodde han frå Fosnavåg. Pågrunn av veret blei det ein treig start. 7. juli måtte han avbryte etappen, på to tredjedels veg til Out Skerries og Shetland. Han måtte tauast.

- Eg låg der lam, våt og utslått, og hadde brennande smerter i venstre arm og nakke. Eg fann ut at det ville vere fornuftig å få den hjelpa frå film- og følgebåten eg hadde med meg, i staden for å vere tøff egoist. Hadde det ikkje vore for skipparen, hadde eg kanskje ligge der enda. Takka vere gode folk og god planlegging gjekk det bra.

Vil inspirere

Thorseth reknast som ein av norges største attlevande eventyrarar. Han har mellom anna leia den første norske ekspedisjonen som nådde Nordpolen over isen, og segla jorda rundt med vikingknarren "Saga Siglar". I 1969 rodde han aleine frå Måløy til Shetland som 21-åring, men ikkje tilbake. Det er denne turen Thorseth no har gjenteke - denne gongen tur-retur. Han fortel at han har ein tanke bak ekspedisjonen.

- Eg gjer ikkje dette her for å vise kor sprek eg er. Nei, eg vil vise at fleirårige som meg, sit på kanskje dei største ressursane vi har. Det er noko som ikkje blir verdsatt i dagens samfunn. Eg er ikkje så god til å stryke og trykke på skjermar, men vi har røynsler, erfaring, kunnskap og kontaktnett som dei yngre kanskje ikkje har eller får. Eg synes at eg har fått leve i den mest spennande tida i mennesket si historie.

- Eg håper eg får sjansen til å nå ut til barna og ungdommen, og kanskje inspirere dei til å gjere noko litt utanom den vanlege, trøtte, digitaliserte landevegen som ungdommen opplever i dag, seier han.

Ikkje noko soloprosjekt

Thorseth understreker at dette slett ikkje er noko soloprosjekt.

- Eg kan snakke om i alle fall hundre menneske som har bidrege med ei hjelpande hand, på dugnad, med pengar og ei oppmuntring, både i forkant og undervegs.

Thorseth nemner spesielt sponsoren sin, Per Sævik.

- Han er helten min. Han er meir kreativ og skapande enn dei fleste på sin alder.

Eg har nytta meg av naturkreftene på godt og vondt, som har spelt veldig på mi side på veg heim. Det er sola, vinden og straumen som har vore viktige. Eg har knapt nok rodd eit tak tilbake til Fosnavåg. På heimvegen har eg hatt hjelp av natteltet mitt, som eg har brukt som segl. Når eg rodde frå nordspissen av Shetland hadde eg laber frisk bris rett i rumpa. Samanlagt ga dette ein formidabel fart til robåt å vere på over tre knop.

Klar for ny tur

Det han har lengta mest etter er å komme heim til kona si.

- Ho heiter Pen og er pen. Det er ho som har teke meg dit eg er i dag.

Thorseth seier at dei nye planane hans blir avslørt i løpet av august.

- Eg kjenner meg faktisk i form for ein ny tur i dag. Hadde eg fått eit par dagar på meg no, kunne eg reist uti nordsjøen på nytt. Men eg vil ikkje reise frå ho Pen igjen, så eg let vere.