20 personar avhøyrd i overgrepssaka i Eid, og politiet har fleire på lista, melder NRK Sogn og Fjordane.

I midten av juli meldte ei ung jente at ho var utsett mot valdtekt i Nordfjordeid. Mandag 20. juli blei tre tenåringar sikta for seksuell omgang med barn under 16 år. Siktinga kan bli utvida til gruppevaldtekt.

Ressurskrevjande sak

Politiet seier at dei har lagt ned ein del ressursar i etterforskinga.

– Det er klart at det er ei sak som krev ein del ressursar. Vi har sjølvsagt sett alvorleg på saka og difor gjer vi det vi kan for å finne ut kva som verkeleg skjedde denne helga. Vi har folk frå Eid lensmannskontor i tillegg til folk frå Stryn lensmannskontor som hjelper til oss, seier lensmann Webjørn Moa til NRK.

Han seier at etterforskninga kan vere ferdig om to-tre veker.