– Nokon har med viten og vilje stengd att ei luke i laksetrappa ved Steimsfossen, slik at laksen ikkje kom seg vidare oppover i elva, seier Glenn Wernersen til Sunnmørsposten.

Wernersen er leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag i Sunnylven.

Stengd i ei veke

Han fortel at luka var stengd i nesten ei veke før dei fekk opna ho att.

Fjerna splint

For han er klar på at dette er ikkje noko uhell. Luka kan berre lukkast etter at ein splint er fjerna og den fleire kilo tunge luka er løfta ut ved hjelp av eit røyr.

– Har de opplevd noko liknande tidlegare?

– Det har vore funne gjenstandar i laksetrappene også tidlegare. Men vi har ikkje bevis for at dei funna har noko med dette å gjere, svarer Wernersen.

Vaktrundar

No går Wernersen og andre i elveeigarlaget vaktrundar og kontrollerer både trappa i Steimsfossen og to andre laksetrapper i elva.

Glenn Wernersen seier at saka har også ei økonomisk side, ettersom elveeigarlaget brukar mykje tid og pengar på å få fram ein laksestamme i heile elva, noko som igjen skal gje inntekter til elveeigarane.

Gode fangstar

Men alt er ikkje negativt. Leiaren i elveeigarlaget kan glede seg over ein god sesong så langt i Korsbrekkeelva.

– Det har vore svært bra fiske i sommar, seier han nøgd. Det kjem dagleg inn meldingar om fangstar. Og om lag 250 laks er så langt drege på land, med ei snittvekt på seks kilo.

Og kanskje best av alt: Dei siste dagane har det gått mykje laks opp i elva.