Ghostbar er namnet på den nye appen, som danske studentar har utvikla for smarttelefonar. Utviklinga av han er direkte framkalla av at søknaden frå ingeniørstudentane ved Aarhus Universitet om studentbar vart avslått, ifølgje forskning.no.

Appen er kopla direkte til skjenkesystemet for fatøl, så du kan bestille, betale og få øl i glaset utan å involvere bartenderar, kontantar og ølkø. I Danmark er ikkje eit slikt heilautomatisk skjenkesystem utan barpersonell teknisk sett ein bar. Det vil difor heller ikkje vere underlagt same krav til godkjenning, skriv NPK-NTB.

Ikkje nye tankar

- Det er flott at andre òg ser fordelane ved å automatisere for å få unna køane, og det er noko vi allereie har gjort i fleire år, seier dagleg leiar i Tikkio, Kjetil Aarseth til smp.no.

Tikkio er ei lokalt utvikla nettbasert løysing for billettar og varer, som kan kjøpast via nettsider og apper, på mobiltelefon, pc/mac og nettbrett. Tenesta er utvikla i tett samarbeid med festival- og konsertarrangørar, som meiner at dei eksisterande billett- og varekjøpsystema verken er gode eller billige nok.

Menneskeleg dømmekraft

Aarseth ser derimot klare begrensingar med den nyleg utvikla Ghostbar-appen.

-Eg tvilar på om det er i tråd med lovverket, eller i det heile tatt ønskeleg, å ta i bruk ein slik app i Norge. Det er mykje du kan utvikle ved hjelp av maskinar, men den menneskelege vurderinga og den gode dømmekrafta, det får du ikkje med i ein app, meiner Aarseth.

Han vågar å påstå at dagens ordning med menneske av kjøt og blod som skjenkar øl, er sikrare med tanke på å kontrollere at vedkomande som vert skjenka, faktisk er både gamal nok og edru nok, til å få utlevert alkoholhaldig drikke.

Reduserte køar

Aarseth meiner at Tikkios system allereie har redusert køane betydeleg, ved at kunden der og då kan bestille varer via den nedlasta appen på smarttelefonen sin, og hente det direkte i baren, så snart barpersonallet har scanna QR-koden. Det eliminerer både betalingskort og kontantar. Både billettar, drikke, mat og T-skjorter kan bestillast i løpet av få sekund.

Han legg til at det elektroniske systemet også sørgjer for å gi kunden og arrangøren oversikt over kva som faktisk er bestilt og henta ut.

-Ser Tikkio fleire mulegheiter for å utvikle systemet vidare?

-Vi er framleis ein mygg i den store samanhengen. Men marknaden for appen vår er veldig stor, og vi tar bra med marknadsandelar. Vi har dobla omsetninga i år mot i fjor, svarer Aarseth.

Manglande mobildekning

Leiar for musikkfestivalen Malakoff i Nordfjordeid, Arnt Ivar Naustdal, vil ikkje avfeie denne type appar.

- Eg trur det vil bli ei rivande utvikling innan kva type betalingsmåtar publikum kan benytte seg av i framtida, seier Naustdal.

Men han trur samstundes at denne typen digitale tenester vil ta noko lenger tid å innføre i grisgrendte strok. Han ser i alle fall éi stor utfordring for festivalar og arrangement på mindre stader som Eid.

-Mobildekninga. Den må bli betre. Når 10.000 menneske skal logge seg på samstundes, byr det på problem når mobilkapasiteten ikkje er god nok til å handtere det, påpeikar Naustdal.

Festivalsjefen seier seg for øvrig nøgd med årets ordning, der dei innførte kontantlaus festival. Dei besøkande brukte kun betalingskort eller verdikort for å skaffe seg varer.

-Eit enkelt system, men det fungerte veldig godt.

Kjetil Aarseth, dagleg leiar i Tikkio. Foto: Privat
Arnt Ivar Naustdal, sjef for Malakoff i Eid. Foto: Bjørn Vatne