Tind Spekevarer på Stranda har inngått samarbeidsavtalar med importørar for anerkjende gourmetbutikkar og restaurantar i Frankrike og Sveits, melder NRK Møre og Romsdal.

– Vi skal vere veldig forsiktig med å spå utviklinga av dette, men det er klart at potensialet er veldig stort. Vi vil kunne få fleire bein å stå på og sikre arbeidsplassar og auke etterspurnaden etter norske lam ute i Europa, seier styreleder Bjørn Petter Ringstad i Tind til kanalen.

- Dette er resultatet av eit halvt års jobbing og hadde ikkje skjedd utan eksportstøtte frå landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, sa styreleiar Per Berg i produsentsammenslutninga Fenalår fra Norge i ei pressemelding tidlegare i sommar.

Også Bjorli Fjellmat er med i samarbeidsavtalen.

– Fenlår er noko heilt nytt i den franske delikatessemarknaden, seier Jan Arve Mork frå Bjorli Fjellmat i den same pressemeldinga.

Frå venstre: Jan Arve Mork (Bjorli Fjellmat), Bjørn Ringstad (Tind Spekemat), Per Berg (Nortura), landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Foto: Matmerk