– Vigra Kringkastar hadde nasjonal betydning. Derfor bør nasjonale institusjonar vere med på å bevare det historiske bygget og gjere det til eit levande museum, seier Jon Hildre i venneforeininga for Vigra Kringkastar.

Han håper framleis at Norsk Telemuseum, Riksantikvaren og Norkring, og gjerne også NRK, vil vere med på å bevare Vigra Kringkastar.

Tysdag skal det vere eit møte om framtida for bygningane. Det er usikkert om eigaren av bygget, Norkring, kjem.

Vits i å kome?

– Norkring skriv i ein epost at det ikkje er vits i å kome fordi grunneigaren krev riving uansett, men her må Norkring ha misforstått, seier Jon Hildre.

Grunneigar Olger Arne Synnes stadfestar at han gjerne vil ha eit museum på garden sin:

– Eg ser gjerne eit levande museum der bygget er vedlikehalde og der historia er varetatt. Men som grunneigar kan eg ikkje sitje med ansvaret for bygningane, seier Synnes.

Pengar?

Han understrekar at dette blir dyrt uansett.

– Huset er fylt med asbest, blyhalding måling og PCB. Det er ikkje eit billeg hus verken å drive eller rive.

Slik Synnes forstår det, er det ingen som vil betale for å drive eit museum.

– Eg trur dette kokar ned til at ingen har pengar, seier han til Sunnmørsposten.

Håper

Fylkeskonservatoren, som er med på å kalle inn til møtet, håper at ikkje siste ord er sagt.

– Riksantikvaren har signalisert at dei nasjonale verneverdiane ikkje er så store at anlegget er i fredingsklassen. Det betyr likevel ikkje at dei nødvendigvis meiner anlegget ikkje har ein viss nasjonal verdi, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

Fiskeri og krig

Vigra Kringkastar er både krigshistorie og fiskerihistorie. I storfiskar-serien som Sunnmørsposten har no i august er det fleire som har merka seg korleis det å peile seg på Vigra var eit av dei einaste «instrumenta» fiskarane hadde.

Fylkeskonservatoren er samd i at kringkastaren ikkje berre hadde regional betydning.

– Eg meiner at Vigra Kringkastar er med og fortel og illustrerer viktige, sentrale hendingar og utviklingstrekk i vår historie som kystnasjon. Dette gjeld både fiskerihistoria vår frå midten av 1920-talet og utover, og hendingar knytt til krigsutbrotet i aprildagane 1940, seier fylkeskonservatoren.

– Ingen andre kan synleggjere den analoge kringkastingshistoria samla slik vi har høve til på Vigra, legg Hildre i venneforeininga til.

Jon Hildre i Venneforeininga for Vigra Kringkastar. Turid Røsvik arbeidde i fleire år ved kringkastaren. Foto: Helge Gloppen