I ein intervjuserie i Sunnmørsposten fortel nokre av dei mest erfarne fiskarane og fiskeskipperane som den fantastiske utviklinga dei har vore med på.

Knut Arne Høyvik er fødd i 1956, og ein av dei yngste i intervjuserien storfiskarar. Men han er gammal nok til å ha opplevd dei store endringane for fiskerinæringa.

Knut Arne Høyvik fortel: «Eg var først ein tur som halvlotting på linebåten «Joffre» frå Godøya i 1972. Og så byrja eg på «Lovinda» i 1973 som fiskar. Vi dreiv med seigarn og bankline. Det var å egne liner og sove fire-fem timar i døgnet.» Komforten var lite å skryte av.

Pengar

Men så var det den andre sida av saka. Den som gjorde at den unge Knut Arne Høyvik valde fiskarlivet og seinare vart lineskipper:

«Det var dette at vi tente såpass bra med pengar i forhold til ein industriarbeidar, det var derfor vi heldt ut. Eg fekk fire tusen kroner for første turen som halvlotting, og den turen varte 21 dagar. Rekna om til kroneverdien i dag er det 27.000 kroner. Då var vi kongen på haugen. Kompisane som jobba på verfta i sommarferien var ikkje i nærleiken av å tene så mykje.»

Knut Arne Høyvik avsluttar intervjuserien storfiskarar. Når han gjer det er det både fordi han har vore fiskar og skipper, og fordi han har skrive historia til Møre og Romsdal Fiskarlag. Høyvik er fødd i 1956. Dette var toppåret for det eventyrlege sildefisket på kysten. «I 1956 vart det fiska 12,3 millionar hektoliter sild. I 1958 var det 3,7 millionar.

Ut av krisa kom både vinnarar og taparar: «Omstillinga til kraftblokka frå 1965 og utover var kanskje noko av det mest fantastiske etter krigen. Alt låg nede og så kom kraftblokka, og så byrja ein å byggje nye båtar på løpande band. Då var krisa over.»

Vinnarlaget

Seinare har det blitt fleire kriser, og nye rundar med omstillingar. Fiskerinæringa på Sunnmøre har klart seg godt. Møre og Romsdal er i dag eit av dei to største fiskerifylka, og Ålesund ein sentral fiskeriby.

Knut Arne Høyvik: «Dersom du ser på Lofoten/Vesterålen så er ressursane utanfor stovedøra til fiskarane heile tida. Her hos oss er det knapt med ressursar, bortsett frå når ein hadde silda. Det har gjort at nokon heile tida har tenkt at ein må fare ein annan plass. Dei styrte mot det ukjente, og drog på Newfoundland for å fiske torsk, til Grønland for å fiske reke og vest i Atlanterhavet for å fiske kolmule.

Klippfisk

Knut Arne Høyvik trekkjer også fram samspelet med landsida: « Vi har hatt utruleg flinke fiskeeksportørar og ein dyktig fiskeindustri. Vi på Sunnmøre er åleine i landet om å drive med klippfisk. Rett etter krigen sa fiskeriminister Reidar Carlsen og finansminister Eirik Brofoss i Gerhardsen-regjeringa at klippfisk var på veg ut.

No skulle det satsast på frosen filet til kjøpesterke husmødrer. Det nye Norge vart teikna, med filetindustri og leveringsplikt. Vi på Sunnmøre kan vere sjeleglade for at vi ikkje vart underlagt desse planøkonomiske eksperimenta, men at det har fått lov å utvikle seg naturleg.»

Knut Arne Høyvik meiner at fiskarane kan takke konkurransen frå offshorenæringa for dette velferdsspranget. «Det at offshorefartøya kom så tett innpå var berre ein fordel, for det gjorde at fiskeflåten måtte følgje etter når det gjaldt friordningar.»

<strong>Fiskarar:</strong> I dag har fiskarane skiftordningar som sikrar dei fritid, og gjer at dei kan planleggje livet på land. Dette er det største framsteget for fiskarane, meiner Knut Arne Høyvik. Biletet er frå sildefisket ved Runde i 2012- eit år då sildefisket var på nivå med gullåra på 50-talet.
<strong>Eks-skipper:</strong> Knut Arne Høyvik er i dag frilansar, og kjem i desse dagar med boka « God bør i 100 år» om Møre og Romsdal Fiskarlag.