– Regionen som heilskap er taparen i denne saka, seier ordførar Anders Riise (H) i Hareid til Sunnmørsposten. 50 av dei tilsette kjem frå Hareid, 60 bur i Ulstein og elles pendlar mange både til Ålesund og indre, søre og ytre del av Sunnmøre.

Les også: – Har stått på i alle år

Brutalt

Riise seier han ikkje var førebudd på at heile fabrikken skulle leggjast ned. Han vart først orientert onsdag morgon.

– Det er brutalt å leggje ned ein heil lokasjon. Det vil gje ringverknader, ikkje berre for den maritime industrien, men også for andre næringar og underleverandørar i regionen. Ein arbeidsplass i industrien gir ofte fleire årsverk i andre næringar, seier ordføraren og held fram:

– Mange familiar blir råka. Vona er at det allsidige næringslivet i regionen skal kunne utnytte den kompetansen som blir overflødig i Hjørungavåg, seier Riise.

Les også: – Nok ei dramatisk melding frå Rolls-Royce

Han minner om at det ikkje er snakk om at 200 mister arbeidet. Han håper at mange vil få arbeid ved andre lokasjonar til Rolls-Royce. Samstundes seier han at Rolls-Royce har leid flotte fabrikkanlegg nær sjøen i Hjørungavåg og håpet er at andre verksemder kan gjere seg nytte av dei i framtida. Etter det Sunnmørsposten forstår har Rolls-Royce leigeavtale på heile anlegget fram til 2019.

Les også: Legg ned fabrikk med 200 tilsette

Les Sunnmørsposten torsdag - underleverandører frykter oppsigelser