– Vi ønskjer å hjelpe politiet med å få kontakt med så mange som muleg, seier ordførar Geir Ove Vegsund om bakgrunnen for at fleire innbyggjarar i Sula søndag har fått tekstmelding der kommunen ber om tips til etterforsking av eit valdtektsforsøk mot ei eldre kvinne.

Har varslingssystem

Kommunen har eit system for varsling av innbyggjarar om tekniske tenester og i samband med beredskap. På denne måten kan dei nå alle som er registrert med telefon i kommunen.

I prinsippet er det altså fleire tusen som kan få slike meldingar, men ikkje alle innbyggjarane er varsla no. Ifølgje ordføraren er det eit målretta søk, der ein har sendt sms til dei som bur i det aktuelle området ein ønskjer tips frå.

Kommunen skriv at politiet ønskjer tips i samband med etterforsiking av valdtektsforsøk mot ei eldre kvinne. Særleg interessant er observasjonar i tida 03.30 til 05.30.

Sjokk

Ordføraren har ikkje mykje informasjon om saka, men seier dette:

– Det er eit sjokk og ei forferdeleg trasig nyheit, seier Vegsund som håpar at politiet lykkast i å oppklare saka. Ut over det ønskjer ordføraren ikkje å kommentere saka.

Må diskutere saka

Kommunalsjef for helse, Kjetil Fylling, har søndag kveld nettopp fått vite om saka. Han seier det er begrensa kva kommunen kan gjere. Det er ei sak for politiet.

- Men vi er nøydde til å diskutere saka. Det er klart det verkar veldig skremmande når det er fleire episodar, seier Fylling.

Omsorgsbustadene er ubemanna og er som ein bustad der folk bur heime, men eitt tiltak som Fylling antydar at ein kan måtte vurdere, er ekstra bemanning i heimetenesta i ein periode.