Politiet på Sunnmøre har sett inn alle ressursar etter overfall og eit nytt valdtektsforsøk av ei eldre kvinne i Sula. Det er ikkje meir enn litt over ein månad sidan ei eldre kvinne vart valdteken ikkje langt unna.

Politiinspektør Elin Drønnen seier at mellom anna geografisk nærleik gjer det naturlig for politiet å sjå sakene i samanheng. Ifølgje Drønnen skal Kripos også inn i denne saka. Søndag morgon var politiet på plass for å granske åstaden. No pågår det rundspørringar i nabolaget.

To saker med ukjent gjerningsperson

– Vi står overfor to saker med ukjent gjerningsperson. Det er all grunn til å vere varsame, sa Drønnen til smp.no tidlegare søndag.

Utrygge naboar

Gerda og Atle Måseidvåg bor på Myrbekkane i Mauseidvåg, like ved omsorgsbustadene Vågstunet.

– Dette er frykteleg ekkelt og eg blir frustert og sint på dei eldre sine vegner. I Vågstunet er det meininga at dei eldre skal bu trygt og godt, og så skjer dette, seier Gerda Måseidvåg. Som vedgår at ho sjølv er blitt utrygg.

– Er du redd?

– Ikkje så lenge eg er inne i huset. Men det er klart, går eg ut og kjem i vegen for ein som har tenkt å gjere noko gale, så har eg sjølvsagt ingenting å stille opp med. Det er klart eg tenkjer på det. Vi har alltid låst dørene, og no kjem vi til å vere ekstra påpasselege, seier Måseidevåg.

Ho fortel at ho innimellom er vaken på natta, også natt til søndag.

– Men eg verken høyrde eller såg noko unormalt i natt, seier ho.

Som nabo vil ho gjere det ho kan for å bidra til at saka blir oppklart så fort som muleg.

– Vi kjem til følge betre med på kven som køyrer ut og inn vegen inn til Vågstunet. Her er mykje trafikk, både folk som går tur og køyrer bil, seier naboen.

– Roleg stad

Pensjonist Per Sigmund Hestad er også nær nabo til Vågstunet. Han jobbar frivillig som vaktmeister på omsorgsbustadane og kjenner dei fleste som bor her. Han bestemte seg for å gå ei runde opp til bustadene, då han fekk vite kva som hadde skjedd, søndag kveld.

– Kva tenkjer du om det som skal ha skjedd her?

– Heilt forferdeleg. Her bur eldre folk som ikkje kan forsvare seg. Dei som går til angrep på eldre på ein slik måte fortener streng straff, meiner Hestad.

Han, og to-tre frivillige, hjelper dei eldre for at dei skal ha det trygt og godt på Vågstunet. Hestad går også tur forbi bustadene nesten kvar kveld.

– Har du sett noko unormalt her i området?

– Nei, aldri. Dette skal vere ein roleg stad der eldre folk skal få ro og kvile, seier han.

Ber om tips

Den eldre kvinna ringte sjølv til politiet klokka 04.35 natt til søndag og melde frå om det som hadde skjedd. Valdtektsforsøket skjedde i heimen hennar på Vågstunet omsorgsbustader i Mauseidvåg i Sula. Politiet ber folk i området om tips og observasjonar på telefon 70 11 87 00.

Gerda Måseidvåg. Foto: June R. Johansen