Politiet har i kveld ein dør-til-dør aksjon i Mauseidvåg i Sula kommune, der ei eldre kvinne vart overfallen i sin eigen heim i Vågstunet omsorgsbustader i Mauseidvåg natt til søndag.

Drønnen understreker at det er rutinemessig med innsamling av DNA-prøvar i saker med ukjend gjerningsmann.

Ikkje registrert

DNA-prøvane vert kun brukt i den konkrete saka dei vert samla inn til, og ikkje registrert hos politiet til vidare bruk.

Ho fortel at dei no etterforskar på fleire nivå, og at dei i tillegg til DNA-prøvane mellom anna ser på overvakingsvideoar frå området.

Politiet omtalar saka som eit valdtektsforsøk, og ser det i samanheng med den eldre kvinna som vart valdteken heime hos seg sjølv mellom 15. og 16. juni ikkje langt unna.