Fotograf Eva Rose Furmyr frå Fosnavåg har spesialisert seg på å ta bilete av fødslar. Etter mange år med fødselsfotografering hadde ho ei utstilling med nokre av dei beste bileta i Oslo Rådhus i november i fjor.

Ho kalla utstillinga "Mirakler".

- Tilbakemeldingane var fantastiske. Eg var spent på korleis bileta skulle bli mottekne, og hadde ikkje tort å drøyme om at folk skulle vere så positive som dei var. Fleire i helsevesenet fortalte til og med at dei fekk fri frå jobben sin for å gå og sjå utstillinga, ler Furmyr.

52 fødslar

Til no har ho dokumentert 52 fødslar. Dei fleste i og omkring Oslo, der ho bur.

No vil Furmyr at folk heime i Fosnavåg skal få sjå kva ho driv med.

Til helga har ho utstilling i det som ein gong var bestefaren sin fotobutikk, Fotograf Furmyr. Den blei lagt ned i 2009.

- Etter det har lokala vore leigd ut, men akkurat no står dei tomme, og dei kvite veggane får det til å likne eit galleri. Eg innsåg med eitt at dette er det perfekte lokalet å stille ut i.

Vil ut i verda

Furmyr både gler seg og er spent framfor utstillinga laurdag og søndag.

- Eg veit kva slags ull folket i Fosnavåg er laga av, og er spent på om dei tør å komme. Særleg mannfolka, ler fotografen.

Det neste prosjektet til Furmyr er å reise ut i verda og dokumentere korleis det er å føde i utviklingsland.

- Eg har fått med meg to dokumentarfilmskaparar på ideen, og vi jobbar no med å få alt det praktiske i orden, seier Furmyr.

Her er Eva Rose Furmyr med ein av babyane ho dokumentert at kom til verda. Foto: Eva Rose Furmyr