Onsdag fekk ungdomsskuleelevar frå Geiranger og Hellesylt møte sentrale aktørar bak filmen Bølgen. Og skodespelar Kristoffer Joner synest det er bra å vite at ungdommane ikkje er redde for flodbølgje i bygdene sine.

- Det var kjempedeilig å få møte elevane og få vite dette. Det var ein som sa at "vi er ikkje redde. Det er dei vaksne som slit med dette", og då slappa eg av, seier Kristoffer Joner etter ein time langt møte med ungdomsskuleelevar frå Hellesylt og Geiranger onsdag.

Har lykkast med openheit

Og Joner legg til:

-Eg har alltid lurt på dette, og då var det deilig å sjå at dei veit om det som skjer. Det viser kor viktig det er med god informasjon.

- Du er ikkje redd for å vere i Geiranger no?

- Nei, seier Joner.

Også Bølgen-produsent Martin Sundland legg vekt på kor viktig det er med informasjon.

- Manglande informasjon skaper usikkerheit. Her har dei ei open linje og lykkast med å skape tryggleik, meiner Sundland.

Rolege rammer

Skodespelar Kristoffer Joner som spelar geologen i filmen Bølgen, er i Geiranger saman med produsent Martin Sundland og regissør Roar Uthaug i samband med Åkneskonferansen onsdag og torsdag. Seint onsdag kveld skal filmen ha førpremiere, blant anna i Geiranger.

Men onsdag fekk altså elevar frå Geiranger og Hellesylt møte dei tre i eit for media lukka møte.

-Dette var eit fint intitativ, at vi fekk prate i rolege rammer rundt bordet på barna sine premissar. Dei stilte spørsmål om det dei lurte på, og det var fint å kunne svare og vise korleis filmen er laga, seier Sundland.

Kjende igjen hus

Elevane fekk sjå foto frå filmen, og litt filmklipp, men ikkje dei mest dramatiske scenene. Her kjende elevane seg igjen, og det skal også ha vore elevar som såg sitt eige hus på bilde.

Og elevane var godt nøgd med møtet:

- Dette var veldig bra. Vi fekk vite meir om filmen, og det var kjekt, seier Andrea Kjellstad (13).

Bølgen har 15-årsgrense, men Andrea fortel at ho kanskje vil sjå filmen saman med mor si.

Innertiar

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad fortel at møtet var vellukka.

- Dette var ikkje langt frå ein innertiar. Her var det mange relevante og gode spørsmål. Dei var forsiktige i starten, men tødde fort opp, seier Tryggestad.

Ordføraren seier også at Hellesylt og Geiranger er dei bygdene som blir mest belasta både av medieoppslag og bølgjeoppslag, og det var difor naturleg at det var elevar herifrå som blei plukka ut til å møte folka frå filmteamet.

Ungdomsskuleelevane i Geiranger syntest det var stas å få møte skodespelar Kristoffer Joner frå Bølgen-filmen. Foto: Anne-Mari Tomasgard