Ei flodbølgje i Tafjord vil lamme kraftforsyninga på heile Sunnmøre i månadsvis. Og konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft meiner ein må setje inn tiltak mot naturkreftene.

- Skal vi berre overvake og varsle og akseptere at fjellet kjem, eller skal vi som sivilisasjon styre naturkreftene, spurde Espeset i innlegget sitt på Åkeneskonferansen torsdag.

Han er sjølv overtydd om at ein må setje inn tiltak.

Halvert kostnad

Espeset er klar på at drenering i praksis er einaste mulige avbøtande tiltak. Teknologien er der, og det er heller ikkje så høg kostnad med å få det til, meiner Espeset.

Han minner om at filmen "Bølgen" kosta 50 millionar kroner å lage. Same summen vil det koste å utgreie drenering. Kostnaden med å gjennomføre drenering har Tafjord tidlegare rekna med ville koste 500 millionar kroner, men no meiner fagfolk at det er mulig å få til for halvparten av kostnaden - 200 til 250 millionar kroner.

Inn frå Strandadalen

Ifølgje Espeset er det fullt mulig å gå inn i fjellet frå Strandadalen og fire kilometer innover i fjellet. Ein vil måtte bore ei vifte av mange dreneringsbrønnar opp i ei sleppe og få senka grunnvatnnivået. Slik får ein ut vatnet som ligg og lyftar fjellet. Ein får det tørt, og det blir dermed tyngre å skyve ut fjellet.

- Det viktigaste er at vi får redusert friksjonseffekten kraftig, forklarte Espeset.

Til slutt i innlegget sitt kom han med ei oppmoding til forsamlinga, som består av både fagfolk og politikarar:

-Eg håpar at ikkje politisk taktikkeri stoppar utgreiing av dette. Det blir feil å vente og la naturen gå sin gang, så eg håpar alle gode krefter vil hjelpe til å få til ei utredning på om dette har nokon effekt, sa Espeset.

Tafjord i 1934

I innlegget sitt kom Espeset også inn på det som skjedde i Tafjord i 1934.

- Det var i moderne tid. Vi hadde ein kraftstasjon, men den var heldigvis eit stykke frå sjøen. Kraftforsyninga var då intakt etter bølga. Konsekvensane blir større med moderne vassforsyning, sa Espeset før han fortalde at når ein så i 1966 bygde ein ny stasjon var dette nærare sjøen, blant anna på grunn av topografi.

Komplisert

Geolog Lars Harald Blikra i NVE meiner derimot det er litt meir komplisert. Det er fleire vassreservoar å ta omsyn til.

- Det er nok litt meir komplisert enn det Tafjord-sjefen skisserer. Det er mange tema vi må utgreie før vi kan seie noko om effekten av drenering, sa Blikra i sitt innlegg like etter.

Ein som derimot allereie har erfaring med drenering er Tom Stewart frå kraftselskapet BC Hydro i Canada. På konferansen torsdag presenterte han korleis dei har gjort det i staten British Columbia, heilt vest i Canada.

- Vi har mykje fjell, fjordar og snø og området vi drenerer er mykje likt Norge og Åkerneset, forklarte Stewart og viste bilde frå området dei har drenert i Canada.

Både storleik på område og geologien er samanliknbar med Åkerneset.

Har hatt effekt i Canada

Stewart viste også fotografi frå ein dreneringstunnel som er 2,5 meter brei og 3,5 meter høg, med ventilasjonssystem og lys.

Målingane han presenterte viste også at dreneringa har hatt effekt.

- Det har hatt effekt, og vi vil halde fram med arbeidet, sa Stewart som representerer selskapet som er ein av dei leiande leverandørane av fornybar energi i Nord-Amerika.