Under Åkneskonferansen i Geiranger torsdag kom det fram at drenering har vore vellukka i eit prosjekt i Canada. Men det er ikkje dermed sagt at det vil vere eit aktuelt tiltak for å stoppe Åkernesremna.

- Før vi kan setje i gang forundersøking, må vi vite kva vi gjer. Det er svære krefter vi skal temje her, seier Per Sanderud, vassdrags- og energidirektør i NVE til Sunnmørsposten.

Avgrensa med pengar

Sanderud vil likevel ikkje avvise drenering som tiltak i Åkerneset.

- Men vi er ikkje der enno at vi kan anbefale eller ikkje anbefale dette, seier han.

Ein ting er dei teknologiske løysingane. Ein annan ting er pengar.

- Det vil alltid vere avgrensa med pengar, men er det eit godt tiltak og ein kan få raset vesentleg utsett, så kan vi ikkje avvise det, men vi må vite meir før vi set i gang, seier Sanderud.

Handterer liv og helse

Og Sanderud seier at det er NVE sin jobb å få staten sine pengar dit det gir mest vern av befolkninga.

- Liv og helse er ikkje problematisk her. Vi trur at varslinga i Åkerneset er så god at det skal vi handtere. Dreneringa vil i så fall ha som formål å hindre fysisk øydelegging, seier Sanderud.

På konferansen i Geiranger tok konsernsjef Erik Espeset også til orde for drenering i Åkerneset. Han meiner det vil koste 50 millionar kroner å utgreie drenering og kanskje 200 til 250 millionar kroner å gjennomføre tiltaket.

Forsiktig optimist

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) er forsiktig optimist etter å ha høyrt om erfaring frå drenering i Canada.

- Dette er eitt av dei openberre spora å gå vidare på. Det er opplagt at det vi snakkar om her har eit omfang der vi må sjå på avbøtande tiltak, men det er ikkje noko kvikt fiksa løysinga dette. Her må det meir analysar til, seier Tryggestad og legg til:

- Eg forventar at staten blar opp pengar, men det må gjerast eit grundig forarbeid først.

Spørsmålet om forskottering vil kome opp, men det er noko Tryggestad seier ein må kome tilbake til.