Solveig Midtbø vart tilsett som administrerande banksjef i Sparebank1 Søre Sunnmøre for knappe tre år sidan. No sluttar ho brått. «Styret og Midtbø har forskjellig syn på vidare strategi for banken, og styret har på den bakgrunn løyst henne frå stillinga som administrerande direktør», er formuleringa som vert brukt i ei pressemelding.

Skal ha utvikla seg over tid

Styreleiar Oddvar Strand er forsiktig med å seie meir om kva usemja går ut på.

- Eg vil ikkje gå i detalj om årsaka, men det er klart at det ligg vesentleg usemje bak. Dette er ei tung avgjerd, og ikkje noko vi tek lett på, seier Strand.

- Er usemja noko som har kome i det siste, eller har det utvikla seg over tid?

- Det har utvikla seg over tid.

«Sparebanken1 Søre Sunnmøre framhevar at Midtbø har gjort ein god innsats for utviklinga av banken, og ho har hatt sterk innverknad til at banken har oppnådd gode økonomiske resultat», står det i pressemeldinga frå banken.

- Kva er dei økonomiske vilkåra knytt til avgangen?

- Vi har fått til ein avtale som sikrar henne ei grei overgangsordning, seier Strand, som ikkje vil utdjupe temaet meir.

Bjørneset konstituert

Hallvard Bjørneset er konstituert som ny administrerande banksjef. Han har vore banksjef for Personmarknad i Sparebanken. «Han har gjennom sitt arbeid i banken vist stort engasjement, og har med innsikt og kunnskap vist at han har dei naudsynte personlege eigenskapane som trengst for denne posisjonen», skriv banken i ei pressemeldinga.

- Banken skal bli meir offensiv på fleire område, lovar Hallvard Bjørneset.

Men denne leiarløysinga er berre mellombels.

- Vi vil starte arbeidet med å finne ein permanent administrerande banksjef, men vil ta oss god til. Ein ny sjef er neppe på plass før om 6-12 månader, seier styreleiar Oddvar Strand.