I filmen gjer eit ras at bygda blir ramma av ei enorm flodbølgje. I det verkelege liv blir fjellpartiet Åkneset overvaka nettopp fordi det ein dag vil rase i fjorden, fortel NRK.

- Vil lokke turistane

Administrerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold har enno ikkje sett filmen, men har håp om at han kan ha positiv effekt for reiselivet.– Eg håpar dette blir eit trekkplaster. Det er ei fantastiske historie om kva dramatiske naturkrefter vi lever med og kvifor folk på Sunnmøre har blitt som dei har blitt. Dei har klart å bruke moderne teknologi og overvake det som er farleg og bu og trivast trass i dramatikken, seier Krohn Devold til NRK.

Ho er ikkje redd for at filmen skal skremme turistane bort, men trur informasjon om den avanserte skredovervakinga av fjellet heller kan gjere fleire interesserte.

(NPK)

Administrerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold. Foto: Staale Wattø