Dave King fortel at han vart inspirert av å lese om ei vising av Jaws (Haisommer på norsk) i England, der publikum sat på flyteringar i eit basseng og såg filmen.

– Eg tenkte at vi kunne få til noko betre. Basseng er for pyser, ler King.

Populært

For fem år sidan kom briten til Norge for å undervise i animasjon på Høgskulen i Volda.

Då han oppdaga at studentane ofte ikkje hadde sett gamle filmar han refererte til i undervisinga, tok han til å vise gamle filmklassikarar på skulen ein gong i veka.

– Desse visingane vart så populære, og då ein DJ på Det Grøne Treet føreslo at eg kunne vise filmar der, vart Dave's Movie & Music Nights til.

Løft

I samband med studiestart denne hausten og ny filmkveld-sesong, ville Dave King finne på noko som kunne løfte arrangementet.

Han og kollega Jon Harman, også han brite og svært filminteressert, hadde snakka om at dei burde vise Jaws – som har 40-årsjubileum i år.

Dei to kom på at dei kunne legge filmvisinga om bord i ein båt.

Mangla båt

– Vi mangla berre båten. Men så, medan eg var på ferie i sommar, las eg om passasjerbåten Fjordkongen som tilbaud turar med servering i Volda-området. Båten var perfekt. Og båteigar Terje Kragset var umiddelbart med på planane våre, fortel King.

Fredag 11. september er det altså duka for ei heilt spesiell filmvising i Volda.

Jaws frå 1975 er ein av filmhistoria sine største suksessar, og var den første filmen som passerte 100 millionar dollars-grensa på kino i USA.

Stemning

– Jaws var den første filmen som fekk meg til å forstå litt av korleis ein lagar film, fortel Jon Harman.

Dave King understrekar at filmvisinga er open for vaksne i alle aldrar. Som alltid på Dave sine filmkveldar, vil han snakke litt om filmen i førkant av visinga. – Eg prøver å gi ein kort, underhaldande og informativ introduksjon. Eg ønskjer å setje publikum i den rette stemninga og overføre mi entusiasme for desse filmane til dei, seier han.

<strong>40 år:</strong> I år er det 40 år sidan Jaws (Haisommer) vart vist på kino for første gong. Filmen frå 1975 er ein av filmhistoria sine største suksessar.