Det har vore ei trafikkulykke på Tynesstranda i Sykkylven kommune, laurdag kveld. Fylkesveg 60 var mellombels stengd som ein følge av ulykka.

- Ein bil har snurra rundt på vegen og havna i grøfta. Sjåføren var åleine i bilen og er frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse. Sjåføren skal ha vore bevisst, fortel John Kåre Flo ved operasjonssentralen til politiet klokka 22.50.

Helse Møre og Romsdal stadfestar at kvinna i 20-åra fekk behandling ved intensivavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Ho skal vere lettare skadd, men status er uavklart, melde Helse Møre og Romsdal ved midnatt laurdag.

Sunnmørsposten sin fotograf på staden fortel at bilen ser ut til å ha følgt grøftekanten eit stykkje før den køyrde ut i grøfta.

Fylkesveg 60 var mellombels stengd som følgje av ulykka, og politiet var på staden og dirigerte trafikken.

Klokka 23.40 opplyste politiet at kranbil ville vere på staden i løpet av kort tid.

Oppdatering kl 00.15: Vegen er rydda og opna, melder Sunnmøre politidistrikt på twitter.

Sunnmøre politidistrikt melde om hendinga klokka 22.28.

Ulykka har skjedd på fylkesveg 60, på Tynesstranda i Sykkylven. KART: GOOGLE MAPS