Lodve Solholm er den einaste som har søkt på den ledige stillinga som fylkesmann i Møre og Romsdal.

Han har denne stillinga no, men åremålet går ut i haust, og stillinga vart difor lyst ledig. Men då fristen for å søkje gjekk ut 27. august, låg altså berre søknaden frå Solholm i postkassa til departementet.

For Lodve Solholm har ikkje tenkt å bli pensjonist enno.

Stillinga som er lyst ledig er mellombels, og varer seinast til 1. januar 2019. Dette vert grunngjeve med at det for tida går føre seg ei utgreiing av fylkesmannsembeta sin struktur.