– Det som starta som ei lokal ordning i Ålesund i 2009, har spreidd seg til rundt 70 kommunar i landet.

Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk for to år sidan inn i eit pilotprosjekt der 15 kommunar i fylket har vore med.

Ei evaluering av prosjektet er utarbeidd av Telemarksforsking, og konklusjonen er mellom anna at dei praktiske oppgåvene omkring ordninga ikkje er godt nok ivaretatt mellom kommunane i prosjektet.

Familiar med dårleg råd

Opplevelseskortet gir familiar med dårleg råd gratis kulturopplevingar på utvalde brukarstader. NAV gir kortet etter ei behovsprøving.

Ifølgje evalueringa kan ordninga virke stigmatiserande. Forskarane kallar difor ordninga «En tvetydig gåve».

– Ordninga har frå starten hatt ein tydeleg dugnadsprofil, der aktørane er forventa å drifte prosjektet utan øyremerka tidsressurs eller ressursbruk elles, skriv fylkesrådmannen som ei oppsummering av rapporten.

Han slår fast at det ikkje vil la seg gjere å korrigere manglar ved drifta av Opplevelseskortet utan å styrke den administrative innsatsen.

– Dersom Opplevelseskortet ikkje vert etablert som ei nasjonal ordning frå 2016, skal ordninga med Opplevelseskortet som fylkesordning avviklast frå 1. januar 2016, heiter det i innstillinga til Kultur- og folkehelseutvalet.

Brenn for prosjektet

Initiativtakar til Opplevelseskortet, Ann Kristin Bekkevoll, seier seg heilt samd med innstillinga frå fylkesrådmannen.

– Kommunane i prosjektet har ikkje tatt oppgåva med Opplevelseskortet alvorleg nok. Det er difor synd at det pregar rapporten, seier Bekkevoll, som framleis brenn for prosjektet.

Ho trur inntrykket hadde vore blitt eit heilt anna om kommunar som ikkje er med i det fylkeskommunale prosjektet hadde vore spurt, mellom anna Kristiansund.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar men informasjon alle vegar er naudsynt for at det skal fungere godt, meiner Bekkevoll.