Oppdatert: I løpet av føremiddagen har smp.no fått melding frå tipsarar om at det er felt dyr. Det første tipset gjaldt ein hjort som vart felt allereie i 04.30-tida i Stordalen, men også i Hareid og Vaksvika i Ørskog har jegerar treft blink tysdag. På Flø i Ulstein traff Hans Ole Låbakk på ein flott storbukk (sjå over), men den fekk sleppe unna fordi dei er freda i år.

Hjortejakta er årets store høgdepunkt for eit tusental jegerar på Sunnmøre. Det er ei kjensgjerning at mange dyr må over ende alt første morgonen.

Etter ei lang periode med «hjorteaftan» den 10. september, det vil seie startskot for jakta, er denne no permanent flytta fram til den 1. september. Med kontinuerleg jakt heilt fram til og med veslejulaftan, den 23. desember, nærmar no jaktperioden seg fire månader i strekk.

Dobla

Viltansvarleg Roger Nedreklepp i Volda kommune seier denne utvidinga er den største omveltinga i hjorteforvaltninga sidan han tok til i stillinga i 1999.

– Ja, jakttida er jo nesten dobla i løpet av denne perioden. Tidlegare var jakta slutt den 15. november, og med eit avbrekk midt i perioden også for at hjorten skulle få fred til forplanting, fortel Nedreklepp.

– Kva konsekvensar meiner du denne doblinga har for jakta?

– Det er vanskeleg å seie heilt presist. For nokre vald er det heilt avgjerande for å få dyr inn på sine jaktfelt medan jakta varer, anten i den eine eller den andre enden. For andre kan det tyde mindre stress med å rekke å fylle kvoten.

– Ikkje alle turgåarar eller andre brukarar av skogen synest det er like kjekt at jakta varer så lenge. Men vi oppmodar alltid jegerane om å ta ansvar og syne omsyn til andre. Eg trur det har gått bra i dei fleste tilfelle, vurderer Nedreklepp.

Lokalt styre

Viltforvaltaren i Volda peikar på ein annan faktor som også pregar dagens storviltjakt.

– Ja, vi har no fått mange års erfaring på lokal- og åremålsavgrensa forvaltning innan eigne storvald og jaktfelt.

– I dei fleste tilfella i vårt område ser dette ut til å fungere bra ved at det fordrar lokalt ansvar, og samstundes sikrar meir heilskapleg tenking i forvaltninga, seier Nedreklepp.

Spent

Han kan syne til ein lokal historikk med jamn stigning i hjortebestanden i femten år, fram til dei tre siste åra. I løpet av desse har det vore monalege variasjonar i avskytingstala.

– Av denne grunn er eg litt ekstra spent på årets jakt og tal. Men det har vore observert lite daude dyr i løpet av vinteren og eg trur bestemt at bestanden er høg nok, seier Nedreklepp.

I morgontimane tysdag har smp.no fått inn tips om fleire hjortar som er felte.

Har du bilder eller veit du om nokon som har felt hjort sidan jakta starta? Tips oss på 95 400 400, på internett@smp.no eller bruk kommentarfeltet under!

I nesten fire månader framover – til og med veslejulaftan – er det hjortejakt. Årets hjortejakt starta ved midnatt natt til tysdag 1. september. Foto: Knut Arne Aarset
Viltansvarleg Roger Nedreklepp i Volda kommune trur det ligg an til ei middels bra hjortejakt i år, etter gode teljingar i vår. Foto: Knut Arne Aarset