Dermed må prosjektet tilbake til nye utgreiingar i Statens vegvesen, melder NRK Møre og Romsdal.

Tysdag var det venta at kvalitetssikringsrapporten K2 S om Nordøyvegen skulle vere klar. I staden er prosjektet sendt tilbake til Statens vegvesen, med beskjed om å gjere ytterlegare utgreiingar.

Må utgreie Lepsøybrua

Konsulentar frå Veritas har jobba med kvalitetssikring av Nordøyvegen-prosjektet, for å vurdere om det er modent for endeleg kostnadsberegning.

- Konklusjonen er at det framleis er uvisse rundt delar av prosjektet. Uvissa går på bruløysinga som er tenkt over Lepsøyrevet, seier samferdselssjef i Møre og Romsdal Arild Fuglset til Smp.no.

- Det er ønskeleg at vi går tilbake og gjer fleire berekningar på ulike løysingar for Lepsøybrua. Det går på type bru og fundament, og kostnadsberegningar for dei ulike bruløysingane. KS 2-rapporten kan ikkje gjerast ferdig før dette er gjort. Det vil jo ta litt tid, seier han.

Skuffa

Ordførar i Haram og styreleiar i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, er skuffa over at prosjektet no vert enno meir forsinka.

- Eg synest ikkje det er så kjekt å få beskjed om endå ei utsetting, seier Sandnes.

- Vi hadde jo håp om at vi etter mange rundar no skulle komme til endeleg konklusjon, slik at bompengesøknaden kunne gå til Stortinget i løpet av hausten. Men slik blir det nok ikkje, slår han fast.

Må til politisk behandling

- Det som skjer no, er at Statens vegvesen må gjere det dei er bedne om. Samstundes må vi jobbe med finansieringsplanen. Når det er gjort og ny rapport er klar, skal saka til lokalpolitisk høyring i fylkestinget, forklarar Fuglset.

Viss saka går gjennom i Fylkestinget, så kan den takast opp til behandling i Stortinget.

- Det kan tidlegast skje seint på våren neste år, anslår Fuglset.

Les også:

Meiner Nordøy-vegen kan dempe arbeidsløyse

Nordøyvegen forsinket