Det nye Sunnmørsbadet omsette for nær seks millionar kroner frå opninga 16. mars og ut juli.

– Vi er kjempefornøgde. Badet har verka slik det skulle, og her har vore utruleg med tilreisande, seier Karl Petter Sortehaug, som er dagleg leiar i Sunnmørsbadet AS i Fosnavåg.

Ferie i Fosnavåg

Han fortel om tilreisande frå både Stryn og Måløy i sør og Ålesund, Sula, Haram og Skodje nordover.

– Og vi har hatt mange turistar som har lagt ferieturen sin hit, nettopp for å bade, fortel Sortehaug.

Frå opninga og ut juli har badet registrert 50.980 personar innom dørene.

– Vi har hatt dagar då det har vore fullt, men vi tek imot alle. Det blir ikkje fullt inne i badet. Der kunne vi ha teke imot fleire, men det kan vere for lite garderobeplass, seier Sortehaug og legg til at det har dei hittil alltid fått ordna på eit vis.

Besøket regulerer seg også ved at dei som bur nærast, gjerne unngår helgane:

– Herøyværingane held seg unna når det er størst trykk her, og dei kjem gjerne heller midt i veka, seier Sortehaug.

Gode utsikter

60 prosent av salet i badet skjer over disk. Det gjeld altså vanleg betalande gjester. Resten av fakturerte kundar, som til dømes barne-hagar og andre grupper.

Nyheitas interesse har lagt seg, Sortehaug meiner utsiktene er gode framover.

– Vi har godt dagsal framover og vi har ein god del aktivitetar på gang, så det ser veldig bra ut utover hausten, seier Sortehaug.

På sist kommunestyremøte i Herøy kunne Sortehaug presentere dei første offisielle tala for badet. Driftsresultat på 1,6 millionar kroner, før avskrivingar og finanskostnader, er heile 169 prosent betre enn budsjettert.

Ifølgje dei offisielle tala er avskrivingane på knappe 900.000 kroner og finanskostnadene på vel 400.000 kroner. Resultatet for perioden er på vel 250.000 kroner.

– Vi kjem til å få eit godt år, og det vil seie at vi går i null, men vi burde hatt lågare lånegjeld på litt sikt, seier Sortehaug.

<strong>fornøgd:</strong> Karl Petter Sortehaug gler seg over ein god start for det nye Sunnmørsbadet. Driftsresultatet blei langt betre enn rekna med for dei første månadene. Arkivfoto: Per Ove Stige Foto: Arkivfoto: Per Ove Stige