Vel eit døgn etter at hjortejakta starta er den over for det 11 mann sterke jaktlaget.

Marius Dybvik Aakre (17) frå Mauseidvåg er fersk hjortejeger. Jaktprøva tok han for få dagar sidan. Og på sin aller første jaktdag skaut han to dyr i skyminga tysdag kveld.

– Dette er slettes ikkje vanleg. Det er ikkje alle som skyt hjort gjennom eit heilt liv heller, seier leiaren for jaktlaget, Svein Dalen.

Alle 11 leiger jaktterreng på Overøye i Stordal, og dei har fellingsløyve på åtte dyr.

I år er halvparten av dyra tatt av dei to tenåringane i laget. Særleg stolt er han som skaut to dyr på sin aller første jaktdag med gevær i hendene.

– Eg og han pappa gjekk i går kveld opp i fjellet og la ut soveposane i ei hytte. Så sette vi oss ned ved ei opa glenne med god oversikt, fortel den ferske hjortejegeren Marius Dybvik Aakre til Smp.no.

Kontrollerte

Aakre fortel at dei etter få minutt høyrde dyr kome i krattskogen, og så vart to dyr synleg.

– Pappa hadde med våpen, og sikta og kontrollerte i tilfelle eg gjorde noko feil. Så sikta eg ganske lenge, slik at eg var sikker. Så skaut eg det næraste. Avstanden var rundt 40 meter, fortel Aakre.

– Så spurde eg om eg skulle ta det andre også. Han sikta for å kontrollere. Så sikta og skaut eg, fortel 17-åringen.

Aakre fortel at dette dyret gjekk litt vidare, og at han skaut ein gong til. Deretter varsla dei jaktleiaren, Svein Dalen, som fortel at han var der ein time seinare.

– Så var det å spore opp dyret, i tett skog og litt dårleg lys, seier Dalen til Smp.no.

Gjer som 23.000 andre, følg smp.no på facebook

Kameraten

Aakre medgir at han er litt stolt over å ha skote sin første hjort. Begge var koller på eit og eit halvt år.

Og då han vakna onsdag morgon, fekk han vite at også jaktkameraten, 17-årige Sebastian Lausund Sundt, hadde skote to hjortar.

– No held vi på å slakte, fortel Aakre til smp.no onsdag føremiddag.

– Også Sebastian hadde faren ved sida si, fortel lagleiar Dalen. – Dei skal få bli litt erfarne før vi slepp dei laus.

Jaktleiaren fortel at han har lært dei opp gjennom fleire år.

– Det er ikkje berre for dei det lukkast, det lukkast like mykje for oss når dei får det til. Det viser at den jobben vi gjer har gitt litt frukter, seier han.

Mellom linjene er det meir enn tydeleg at jaktleiaren er glad for at ungdommar er med på jakt.

Rekruttering

– Det er veldig viktig å få ungdommen ut i naturen på jakt og fiske, det er uhyre viktig, i staden for å sitje bak eit nettbrett får dei bruke kroppen sin, seier Dalen.

– Korleis er rekrutteringa, er det mange yngre jegerar som vil vere med?

– Rekrutteringa på jegerprøvekursa er nokolunde bra. Det som det skortar på er å få dei ut, slik at dei får kome seg ut og jakte, seier Dalen.

– Jakt er ikkje noko du lærer på ein time, legg han til.

ARKIV. Svein Dalen er leiar for jaktlaget på Overøye. Her er han saman med to jakthundar. Foto: Mona Skjong