Mannen i 40-åra blei i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i fem år og ni månader i fengsel, men meinte han var uskuldig og anka dommen til Frostating lagmannsrett.

Lagmannsretten er derimot einig med tingretten og har funne mannen skuldig i å ha valdteke ei tolv år gammal jente. Valdtekta skjedde på eit kontor på skulen der mannen var lærar og jenta elev.

Reduserte straffa

Frostating lagmannsrett har likevel redusert straffa med fem månader. No er læraren dømd til fem år og fire månader fengsel. Til frådrag i straffa går 26 dagar i varetekt.

Han må også betale 200.000 kroner i oppreisingserstatning til jenta.

Utnytta tillitsforhold

Retten finn ingen formildande omstende, men har i skjerpande retning lagt vekt på at den fornærma jenta var ung då overgrepet fann stad og at mannen var over 30 år eldre.

Det er også straffskjerpande at tiltalte var læraren til jenta og at han grovt utnytta eit tillitsforhold. Retten har også merka seg at læraren noko tid før overgrepet "sirkla inn" jenta ved å gi henne kompliment og godteri. Overgrepet skjedde også på skulen, der elevane skal vere trygge.

I tingretten blei mannen dømd for uanstendig åtferd mot ein annan elev, men på dette punktet er han frifunnen i lagmannsretten.